Noreg

(Dikt, 1894)

Av Per Sivle

Og Noreg vart funne,
       og Noreg vart bygt.
Og Noreg vart samla,
       og Noreg vart tryggt.

Og Noreg vart svike,
       og Noreg vart strypt.
Og Noreg vart rive,
       og Noreg vart klyppt.

Og Noreg tok Spenne-Tak,
       kom seg paa Fot.
Og Noreg det auka
       i Evle og Mot.

Dei flidde det Krykkja,
       dei flidde det Stav.
Men Noreg, det vil inkje
       vita derav.

Paa sjølveigen Grunn
       og med Fana si rein
det fritt orkar standa
       paa sjølveigne Bein.

Og slik skal det standa,
       som dugande Kar
- sosant inkje Nordmenn
       "slær Krok" fyr sin Far.

Um Noreg paany
       vert basta i Band,
so fell det fyr svikefull
       Normanna-Hand.

Men stuper det atter
       vaart Noreg, fyr Svik,
lyt Svikaren trø
       yver Normanna-Lik.

Gjev Handi di, Bror min,
       - me lovar og kved:
Skal Noreg gaa under,
       so vil me gaa med!
 

Frå Noreg. Nationale Digte. Olaf Norli. Kristiania, 1894. Side 5-7. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad