Per Sivle

    Per Sivle var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen».

    Per Sivle
    Per Sivle
    Per Sivle var fødd 6. april 1857 i Flåm som son av Susanna Andersdotter Ryum og Eirik Sivle. Han tok sitt eige liv 6. september 1904 på Kristiania Bad i Torggata. Mor hans døydde hausten 1859, og Per Sivle voks difor opp i tre ulike fosterheimar, det meste av tida hos familien Brekke på Brekke-garden ved Stalheim.
     
    Frå 1872 gjekk Sivle to år på Jakob Sverdrups folkehøgskule i Sogndal, før han drog til Kristiania for å kvalifisere seg til gymnaset og eventuelle universitetsstudium. Sivle var skuleflink, men helseproblem gjorde at han måtte gi opp skulegangen utan å ha teke artium. Han livnærte seg seinare som forfattar og avisredaktør. Han var redaktør av Buskeruds Amtstidende (1883–84) og Kristianiaposten 1887–1891 og gav i alt ut 15 bøker i ymse sjangrar.
     
    Per Sivle gifta seg 1. august 1887 med bergensjenta Wenche von der Lippe Nilsen. Saman fekk dei dottera Sussi. Ekteskapet varte livet ut, trass i at ektefellane budde åtskilde i seks år, i samband med at Per Sivle ikkje var i stand til å forsørgje familien sin.
     
    Alfred Fidjestøl

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Tekstar om Per Sivle
    Rasmus Flo: Per Sivle. Minnestykke 1904
    "Månedens gjenstand" på Nasjonalbiblioteket, april 2007: "Den fyrste Songen".