Steinar Schjøtt

    Steinar Johannes Stenersen Schjøtt, ordbokforfattar og lærebokforfattar.

    Steinar Schjøtt
    Steinar Schjøtt

    Schjøtt var fødd i Porsgrunn 13. november 1844 og døydde 10. februar 1920. Han var døypt Stener, men endra fornamnet sitt i 1885. Etter å ha blitt cand.mag. ved universitetet i Kristiania i 1870 underviste han ved skular i Levanger, Kristiansand, Halden, Skien og Kristiania.

    Han hjelpte Henrik Krohn med Ferdamannen i 1865 og skreiv i alle dei viktigaste landsmålsblada som kom ut. Han signerte gjerne med S. eller X.
     
    Schjøtt skreiv 21 større og mindre bøker, og hovudverka er Dansk-norsk ordbog (1909) og Norsk ordbok med ordtyding paa norsk-dansk (1914). Lengst ut nådde han med Norigs soga (1879, 8. utgåve 1920), som blei den første bestseljaren på landsmål, og med omsetjinga av Snorres kongesoger, som i ny utgåve i 1900 blei seld i 18 000 eksemplar alt det første året. Då han laga førsteutgåva i 1870-åra, brukte han omsetjinga til å prøve å få fram eit alternativ til rettskrivingsnorma til Ivar Aasen.
     
    Han lærte Vinje gresk, var språkkonsulent for Det norske Spellaget og Det Norske Teatret og uunnverleg kjennar av gresk då Arne Garborg (og han) gjendikta Odysseen (1918).
     
    Schjøtt var æresmedlem i Det Norske Samlaget og Studentmållaget i Oslo.
       
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.