Georg J. J. Sauerwein

    Georg Julius Justus Sauerwein, tyskfødd språkgeni og verdsborgar som busette seg på Dovre.

    Georg Sauerwein var fødd i Hannover, Tyskland 15. januar 1831 og døydde i Kristiania 16. desember 1904. Han hadde heilt uvanlege gåver for språk, men fullførte aldri noko universitetsstudium. I 40 år arbeidde han som språkkonsulent og omsetjar for det britiske bibelselskapet.

    Store delar av livet heldt Sauerwein til utanfor heimlandet sitt. Frå 1874 var han mykje i Noreg. Då budde han dels i Kristiania, men mest på Dovre. Diktsamlinga Frie Viso ifraa Viggu’n er skriven på gjennomført dovremål. Her har Sauerwein jamvel gjendikta sju salmar frå Bibelen på dialekt.

    Sauerwein hadde stor sympati for norsk målreising. Dette gjekk saman med eit sterkt politisk engasjement for etniske og språklege minoritetar i tyskdominerte område, særleg dei som talte litauisk og sorbisk. Mot slutten av livet var han svært oppteken av fredssaka.

     

    Frå Anders Aschim: "Georg J. J. Sauerwein", Allkunne.no, sist oppdatert 11.4.2012 [lesedato 7.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.