Olav Sande

    (1850-1927). Fødd i Kyrkjebø. Skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, komponist.

    Olav Sande
    Olav Sande
    Tok lærareksamen i 1871, var lærar i Leikanger frå 1873. Føregangsmann for frilyndt ungdomsarbeid i Sogn. Gav ut Bibelsoge fyr folkeskulen (1895), to samlingar med segner frå Sogn i 1887 og 1892. Mest kjend som folketonesamlar. Statsstipend frå 1899. Gav ut Norske tonar (I-IV, 1904-11). Sette tone til fleire nynorske dikt, m.a. "Det stig av hav eit alveland", "Aa eg veit meg eit land". Skreiv dikt og forteljingar. JG