Jakob Sande

    Jakob Sande, forfattar og populær visediktar som sameinte bøn og banning i eit samansett litterært univers. Forfattarskapen spenner i tid frå 1929 til 1961 og femner om ni samlingar med dikt og tre med noveller.

    Jakob Sande
    Jakob Sande
    Sande var fødd i Dale i Sunnfjord 1. desember 1906 og døydde 16. mars 1967 i Oslo. Etter artium på Firda gymnas i 1926 studerte han filologi ved Universitet i Oslo og var ferdig cand.philol. i 1931. Hovudoppgåva skreiv han om Welhaven. Etter pedagogisk seminar våren 1932 reiste han til sjøs eit års tid. Erfaringane frå denne reisa sette djupe spor i dikta hans. Etter eit par år heime i Dale vart han tilsett som lektor ved Fredrikstad høgre allmennskole frå 1935. Frå 1946 til 1965 var han tilsett ved Ullern skole i Oslo.
     
    I «Visens venner» i Oslo fann han eit miljø med folk som delte interessa for visekunst, og han vart sjølv eit av dei sentrale namna i norsk songlyrikk frå 1950-åra og utetter. Dikta og visene hans vart folkeeige gjennom radio og grammofonplater – og han var sjølv ein svært populær formidlar av eigne tekstar.
     
    Hundreårsmarkeringa i 2006 viste at Jakob Sande framleis har ei sterkt stilling i det offentlege rommet i Noreg. Hans Dikt i samling vert årleg selt i om lag 1000 eksemplar – eit salstal som er mykje høgre enn det mange yngre lyrikarar får oppleve.
     
    Ove Eide

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.

    Jakob Sande 100 år
    1. desember 2006 var det hundre år sidan Jakob Sande blei fødd. Les meir om Jakob Sande på nettsidene til Jakob Sande-selskapet.