Jens Rolvsson

    Jens Rolvsson (1844-1876) frå Bergen, busett i Dale. Skulestyrar. Student 1865 og cand. philol.

    Jens Rolvsson
    Jens Rolvsson

    Fekk gjennom ein slektning som var gardstyrar på Holmedal gard kontakt med bygdene i Dalsfjorden. Skipa i 1871 Bondehøgskulen i Dale på Tross. Denne skulen var for «Vaksne bondegutar». Det var Nikka Vonen som overtala Rolvsson til å starte skulen i Dale. Elevane kom frå dei næraste bygdene. Men folk i bygda motarbeidde skulen, og då Rolvsson fekk høyre dette, slutta han tvert i 1874 og reiste tilbake til Bergen, der han vart medarbeidar i «Bergens Tidende». Bondehøgskulen i Dale hadde i alt berre 18 elevar. Rolvsson var nynorskmann, og skreiv i tida si i Dale også ein eigen «Synnfjordssong».

    Han skipa også og vart leiar av Holmedals Sogns Bondevenforening i 1871. Foreninga gjekk inn i bondevenrørsla kring stortingsmann Søren Jaabæk. Foreninga hadde på det meste over 60 medlemer. 

    Frå Ottar Starheim: "Jens Rolvsson", Allkunne.no, sist oppdatert 12.10.2010 [lesedato 6.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.