Olav Paulson

    Olav Paulson, vestmann, lensmann, dampskipsekspeditør og skulebokforfattar. I 1869 gav han ut den første leseboka på landsmål.

    Last ned filPaulson, Olav(5 1kb)Paulson var fødd 20. september 1822 i Herøy på Sunnmøre og døydde i Bergen 28. juni 1896. Døypenamnet var Ole.
     
    Paulson var sjølvlærd. Han fekk tidleg arbeid hos sorenskrivaren på Sunnmøre. I 1850 vart han lensmann i tidlegare Bjørnør kommune i Sør-Trøndelag, i 1855 lensmann i Jølster i Sunnfjord. Frå 1860 var han ekspeditør, bokhaldar og kasserar for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i Bergen, dei siste åra med tittelen kontorsjef.
     
    I Bergen kom han etter kvart med i krinsen av målmenn rundt Henrik Krohn og fornorska namnet sitt til Olav Paulson. I 1868 var han med og skipa Vestmannalaget og vart kasserar for laget. Han sat i styret i om lag 25 år.

    I 1869 gav Paulson ut Lesebok i Landsmaalet, den første leseboka på landsmål. Boka hadde tekstar Paulson sjølv hadde omsett, og tekstar av mellom andre Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Krohn og Kristofer Janson. Nokre av tekstane skreiv Paulson sjølv. I 1872 og 1874 kom så to hefte med tittelen Gudelege Smaastykke til Helgar-Lesnad. Og i 1882 gav han saman med Hans Mo ut Bibelsaga, ei omsetjing av Volrath Vogts bibelhistorie. Paulson skreiv dikt og småstykke under psevdonymet «– p –» i Ferdamannen og i Fraa By og Bygd.

    Paulson var tredje vararepresentant til Stortinget i 1859–60, og var i 1858–60 medlem av heradsstyret i Jølster. Han sat i bystyret i Bergen i 1880–90 og i styret for Bergens Arbeiderforening 1867–70 og 1872. Han hadde fleire verv i fråhaldsorganisasjonar og var aktiv i religiøse organisasjonar.

    Frå Jon Grepstad: "Olav Paulson", Allkunne.no, sist oppdatert 24.5.2012 [lesedato 6.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

     
    Tekstar om Olav Paulson
    Anton Aure: Olav Paulson (1919)