Maria Parr

    Maria Parr

    Maria Parr er forfattar og lektor. Ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte i 2005. Det store gjennombrotet kom med oppfølgjaren Tonje Glimmerdal i 2009. Parr er i dag ein av dei mest populære og profilerte norske barnebokforfattarane, og bøkene hennar er selde til ei rekkje land.

    Maria Parr er fødd 18. januar 1981 i Fiskå i Vanylven på Sunnmøre. Ho avslutta vidaregåande skule i Ulstein i 2000 og tok master i nordisk ved Universitetet i Bergen i 2008. Masteroppgåva handlar om barn og lesing, eit område ho òg har engasjert seg i i praksis, gjennom ei rekkje skuleturnear der formidling av leseglede står i sentrum. I 2010 avslutta ho pedagogisk-praktisk utdanning ved Høgskulen i Volda og var dermed utdanna lektor.

    Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som blei nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og raskt blei seld til fleire land. I 2009 kom barneromanen Tonje Glimmerdal, ei bok som hausta eineståande kritikkar og blei den mestseljande norske barneboka i utgivingsåret. Tonje Glimmerdal vann både Brageprisen, Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok, og det er den første barneboka som nokon gong er blitt nominert til Bokhandlarprisen. Parr fekk også Teskjekjerringprisen for 2009 og blei kåra til Årets nynorskbrukar i 2010.

    I 2013 mottok Parr Sigmund Skard-stipendet med grunngjeving at ho set målgruppa i sentrum og stiller seg på barnets side utan kompromiss.

    Fantasien og nyfikna som pregar barndomen, er drivkrafta både i handlinga og språket i bøkene til Parr. Handlinga spring ut av kvardagsleik, rettferdstrong og kreative påfunn, og historiene blir fortalde med stor iver frå synsvinkelen til kloke og energiske ni–ti-åringar. Den barnlege, men svært presise måten å uttrykkje seg på gjer at tankar og kjensler blir gjenkjennelege, og det er nok ein av grunnane til at bøkene har slik appell hos lesarane.

    Parr lèt hovudpersonane ha store tankar og kjensler, og ho greier på meisterleg vis å gjenskape korleis born prøver å setje ord på det dei tenkjer og føler. Det gjer dei ofte ved å nytte ord og uttrykk dei har høyrt, på ein ny måte, som når Tonje er så glad i Gunvald «at hjartet knakar», eller ved å finne opp nye ord, som når Tonje tenkjer at fela fyller dalen med «mirakelmusikk». Det er på denne måten ein skaper både poesi og komikk, og Parr sine tekstar er fullasta med begge delar.

    Referansane til andre tekstar er òg eit viktig element i bøkene til Parr, mellom anna har historia om Tonje Glimmerdal mange tydelege parallellar til barnebokklassikaren Heidi (Johanna Spyri 1881, på norsk 1882, nynorsk utgåve: Noregs Boklag 1935). Parr kan òg si bibelhistorie, og hovudpersonane i bøkene hennar har ei sjølvsagd og lite påtrengjande barnetru som elles i liten grad er til stades i den moderne barnelitteraturen. I Parrs univers har dette ein kvardagsleg plass, om det er som inspirasjon til å leike «Noas sjark» eller som bakgrunn for refleksjon rundt ei bestemor som døyr.

     

    Prisar

    Alfred Andersson-Ryssts fond 2006 for Vaffelhjarte

    Den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel for Vaffelhjarte

    Ole Vig-prisen 2009 for Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal

    Brageprisen 2009 for Tonje Glimmerdal

    Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009 for Tonje Glimmerdal

    Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok 2009 for Tonje Glimmerdal

    Teskjeskjerringprisen 2009

    Årets nynorskbrukar 2010

    Rasmus Løland-stipendet 2010

    LUCHS 2010 – Die Zeits pris for årets beste barnebok i Tyskland for Tonje Glimmerdal

    Kulturprisen for Vanylven 2011

     

     Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no