Timann skrid undan

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Timann skrid undan i yrjande rekkje og rad,
sukkar som vindsus i lognskogen yver ein gravkant,
svanar den eine med hin liksom dropar frå blad
fallande av ned i aurstilla, målar eit gravsant
spegelbilæte. Å jord, er din hunger so stor
kann du kje vente ei stund, er alt låne forfalle?
Alt skal du få, kvar den kvitt; eg skal duke ditt bord,
hungrande brur, med din gjestebodrett. ­ Men er timann no alle?

 

Å, eg fekk fylle so få med mitt varmaste liv!
Læresveinrida vart lang, ja eg trivlar og stamar
endå på næmingeleksa, og brennhugen riv
bivrande blodlevrar ut or dei avsjæla hamar
etter dei hundradtals blåøygde solrenningsborn,
kvitrande kvæde som anda i ljos-æter, dala
ned i mitt rike som lerkur i vårsol og onn,
budde til æveleg song, men fan n helhesten sala.

 

Timann skrid undan og dynjande årklokkur slær
medan det æsande livsdrama gjeng yve tile
akt etter akt, og genia med eldkyndlar fer
flog rapt som stjernerap fram og set høgflod i spile.
- Er det kje einstad i rømdenn ein avdøles stad
gøymd og fordrøymd og lagd ut um all livgjeven lagnad ­
der vil eg dorme med solheimar sloknar i rad,
vogge og stille min svidande sårbrand til tagnad.

 

Forklaringar:
Svanar: svinn, blir borte.
Aurstilla: den djupe stilla.
Kvitt: mynt, 1/3 skilling.
Ljos-æter: lys-eter, eter: klar luft i dei øvre luftlaga.
Genia: genius; skytsånd
Eldkyndlar: kyndel: fakkel.
Spile: uklar tyding, kanskje spelet.