Til son min

(Dikt, 1934)

Av Olav Nygard
 
 
Du blunda lagnadlaus i æveblånar
dit inga tid og ingen tanke skaut
si braglebraut; frå sælt fordrøymde månar
eit blidøygt sylvskin ut i rømda flaut.
Det var kje natta, tyngd av livsens minne,
men meir den fyrste timd av morgonglòn;
i alt ein æves fred som sveipte linne
og svale lakan kring deg, ynskjeson.
 
 
Det steig ei susing, som eit fluttfugl-fylgje
sveiv rundt og ut um alle ævehav,
med du låg liljelett på iblå bylgje
som draumediser leidde inn og av,
lik tjørnblom, svævd av blundøygd nattetime,
og la di alvekinn i blidan ro
i bylgjefange, med ei strålestrime
av himels vyrksemd ved ditt lægje stod.
 
 
Men eg gjekk dag-fordrøymd i mine dalar
der foss og flogberg bygde meg til mann.
Å ungdoms himel! Solvarmt, solvarmt spralar
det mønelangs av bringeeld som brann.
Og elskhugsvåren løyste alle lindar,
det kjendest som eg sumde upp i song
og soldis, upp langs lange fjell og tindar
med tida rulla inn i ævegong.
 
 
I elskhugs djup låg lengt som blåe næter
og gøymde sæleådrar i sin barm;
eg kjende at i draumstill upphavs-æter
låg løynde liv som gjorde lengten varm. ­
Min ungdomsvår skreid fram um mange blånar
i livsens underlege skiftegong;
men under vendesoler, kvervemånar,
drakk lengten liv av dulram ætersong.
 
 
Og lengten rodde ut or sine fjordar
og lærde seg dei lange bylgjeslag
og auka måle, som når dult det torar,
til dine draumeheimar kom i ag.
Då brast dei åndelette æterkringar,
og jorda med si dragmagt nådde inn.
Då seig du kvar den stund i mindre svingar
til du i vogga låg med varme kinn.
 
 
Forklaringar:

Braglebraut: lysande veg.
Morgonglòn: glòn: lysning.
Iblå: blåleg.
Draumediser: dis: gudinne.
Tjørnblom: nøkkerose.
Lindar: av linde: breitt band til å vikle kring reivar på spedbarn dei første levemånadene.
Æter: eter, klar luft i dei øvre luftlaga.
 
 

Frå Dikt, 1934. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad