Til ei mus

(Omsetjing, 1923)

som vart upp-pløgd med bolet sitt.

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

Du vesle illforstøkte dyr,
kor redsla i di bringe kryr!
Du treng kje røme radt so skyr
i hurr og hast;
d'er mot min hug aa halde styr
med dreparkast.

Eg kjenner meg so maates glad
som braut naturens skipingsrad;
du dømde rett daa ut av stad
du livredd for,
fraa meg, som dauden skreiv paa blad
ein jordfødd bror!

Eg veit nok at du stel ibland;
kva daa? Du treng ei nørings-hand!
Det aks du tek or mine band
er smaanøgt krav;
det signar hitt, so minkingsgrand
eg veit kje av.

Ditt vesle hus ligg og i drav,
det arme tros derg vinden av.
Til bybygg no du finn kje lav
og mosestraa;
desember-vinden er ei grav
so kald og graa.

Du saag kor marka lagdest berr,
kor vintertyngsla drog seg nær;
men under vinden varmbølt her
du tenktest bu,
til dess den hjartelause skjer
fekk alt forsnu.

Ditt vesle bol av lauv og straa
du ofra mang ein umak paa;
fyr all den møde lyt du gaa
fraa hus og hald
og tole vallslett-yrja raa
og rimfrost kald.

Men musemor, i dag du fann
kor lite framsyn hjelpe kann;
den beste plan av mus og mann
glett ofte ut,
og vare varme vona-land
vert grugg og grut.

Men heppa lel du er mot meg!
Bert augneblinken tyngjer deg;
men aa! eg ser mine farne veg -
ei øydestrand!
Og dulde faarar ottast eg
i framtids land.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 42. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad