Olav Nygard

Olav Nygard, ein særprega lyrikar med eit biletrikt og klangsterkt nynorsk uttrykk. Diktinga hans blei lite påakta i mellomkrigstida, men Olav Nygard har sidan fått plass i litteraturhistoria som ein av dei store i norsk lyrikk.

Olav Nygard
Olav Nygard
Nygard blei fødd 10. juli 1884 i Modalen, Hordaland og døydde 11. februar 1924 på Ulsrud i Asker. Han gjekk på Nordhordlands amtsskole 1903–05 og var deretter, i to periodar, elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. Han gjekk eit år i snikkarlære. I 1909 reiste han til Kristiania, blei kjend med Arne og Hulda Garborg og budde ei tid hos dei på Labråten i Asker. Han hadde dårleg økonomi og livnærte seg og familien på mange måtar, som snikkar, verftsarbeidar, bryggjeriarbeidar, bonde og småbrukar.
 
Han skreiv dikt og artiklar i Den 17de Mai, Morgenbladet og Gula Tidend og arbeidde med nynorsk teater. Han reiste på turné samen med Hulda Garborg og amatørgruppa Det Norske Spellaget. Olav Nygard debuterte med samlinga Flodmaal i 1913 og gav ut berre fire diktsamlingar. Han var sjuk av tuberkulose og døydde 40 år gammal. Ei samling omsette dikt av Robert Burns kom ut i 1923.


Dei store spørsmåla
Olav Nygard skreiv dikt på velklingande og original nynorsk, men lite om bygdeliv og kvardagshendingar. Dette er sentrallyrikk som handlar om dei store spørsmåla, om kjærleik, liding, død og æve, slekters gang og skapinga sjølv. På dødslega skreiv han mange av dei finaste dikta, og samlinga Ved vebande, som kom ut i 1923, året før han døydde, er rekna for å vera den beste og mest originale. I denne samlinga, og i det etterlatne manuskriptet Nokre dikt, står det mange dødsdikt. Dei kan på tradisjonelt vis uttrykkje både angst for og lengt etter døden. Men dødsdikta hans er også originale poetiske framstillingar av spørsmåla kring sjukdom og død. Diktet «Eg andar hol i kvitan is på rute» er det mest kjende av desse.

Sterke besjelingar
I kontrast til dødsdikta står tekstar om skaping, fruktbarheit og livsprosessar. Det kjende antologidiktet «No reiser kvelden seg» priser allnatur, skaparkraft og gjenføding, naturens evige og gjenskapande syklus. Sterke og samstundes vare besjelingar, erotiske metaforar og velklingande rim løftar dette diktet opp på eit kosmisk nivå, i form så vel som innhald.

Olav Nygard er ein tidleg ekspresjonist i norsk lyrikk. Uttrykket hans er veldig og høgspent. Sjelstilstandar, irrasjonelle impulsar og sinnsstemningar er uttrykte i naturbilete som veks ut over det naturlege og får mystiske og trolske dimensjonar. Dette er i tråd med det vi på norsk kallar nyromantikk, og er eit drag frå den samtidige litterære ekspresjonismen ute i Europa.

Frå romantikar til modernist
Olav Nygard er både ein gammaldags romantikar og ein tidleg modernist. Dei tidlege dikta uttrykkjer eit romantisk syn på diktet og diktaren, han ser seg kalla til ei stor og opphøgd gjerning. Seinare er han meir tvilande til den romantiske diktarrolla. I samlingane Flodmaal, 1913, og Runemaal, 1914, har han arbeidd seg fram til ei spørjande og meir moderne utforsking av forholdet mellom diktaren og diktet.

Ordkunstnar
Alle dikta hans er skrivne i tradisjonelle strofeformer. Han var særleg glad i oktaven, den italienske ottava rime-strofa, og bruker denne på meisterleg vis i dikt som til dømes «Eg andar hol i kvitan is på rute» og det posthumt utgitte «Til son min». Nygard skreiv tradisjonell, og gjerne arkaisk, nynorsk, men var samtidig ein nyskapande ordkunstnar. Han sette dei gamle orda saman på nye måtar og fekk fram nye klangar og meiningar. Difor kan dikta hans verke vanskelege. Men slik skapte han også sitt eige klangsterke og vakre nynorske poesispråk.

«Mi tid kjem nok,» sa Olav Nygard på dødsleiet. Samtida såg ikkje det ettertida har sett i diktinga hans, dei intense og personlege dødsdikta og den særprega naturlyrikken. Det som særleg appellerer til notida, er det modernistiske aspektet, metaperspektivet og den underleggjerande og originale språkkunsten.
Olav Nygard-akademiet, som blei skipa i 2008, er eit uttrykk for den nye interessa for forfattarskapen.

Frå Sigri Bø Grønstøl: "Olav Nygard", Allkunne.no, sist oppdatert 4.1.2018 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Tekstar om Olav Nygard
Johannes Lavik: Olav Nygard (1924).