God Natt

(Dikt, 1914)

Av Olav Nygard

Kvite vengjer kvile
yve deg i natt,
alveandlit smile
under skymingshatt:
ljose alvar sanke
nøring åt din tanke
til du vaknar att.

Himels draumar linde
i sitt blomespinn
dine sviv, og binde
rosur på di kinn.
Må din draum deg sanke
det din vakne tanke
trår men aldri finn.

 


Frå Runemaal, 1914. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad