Eg ligg her seglbudd

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

Eg ligg her seglbudd; alle mastrer svagar
i brotsverk bør, og skaut og toppsegl svell
som kjempebringur; skuta styn og ragar
og rullar sidemots, og toga smell
som svipeslag mot rærne; vinden jagar
med milelange tilsprang, stupefell
med song i segla. Må det noko breste?
Kor hardt fyrr ankerklørne slepper feste!
 
 
Eg totte her var gode festegrunnar
og kasta anker i so djup ein sjø,
i djupnom gapte sterke grjotbergmunnar
um ståle − ja, dei trudde det var brød. −
Å, hjarterøtenn fann dei same brunnar
som ankjerlekjja, og fann grorastød.
No lyt dei breste; fyr kvar tåg som raknar
ein sårverk-styng i hjartemergen vaknar.
 
 

Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad