Eg fann meg kvilestad

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Eg fann meg kvilestad der hugen rastar
og skrid i roleg blidmælt bylgjegong
mot draumleg strand. Kva er det meir som hastar
når æva syng sin mjuke voggesong
som dvergmålsdraumar, år og time kastar
av breide aksler træleklaven trong
og glid med linnlagd rytme inn i dansen
med sola drøyper sylv kring laurbærkransen.

 

Det er som vår og haust i same ande;
ein sylvbleik moe blundar millom fjell
med vårdagsbiv og haustarlogn i blande,
med kumarspretting og med lauv som fell.
Det spelar understrengs med ve og vande,
ei gravsorg upp or djupe sjøar vell;
men soldagsfaklar sviv på strålevengjer
og sigerkvast mot skuggedjupe trengjer.

   


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad