Åse-Marie Nesse

    Åse-Marie Nesse, lyrikar, gjendiktar og universitetslærar. Ho var ein kjend omsetjar og gjendiktar då ho debuterte som lyrikar i 1970. Nesse var ein lærd og engasjert formidlar av klassisk europeisk danning og litteratur frå andre kulturar.

    Åse-Marie Nesse
    Åse-Marie Nesse (foto: Trine Mikkelsen)
    Nesse var fødd 29. april 1934 i Klepp i Rogaland og døydde 13. juli 2001 i Oslo. Ho tok examen artium ved Rogaland offentlige landsgymnas på Bryne i 1952 og lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1955. I 1963 blei ho cand.philol. med hovudfag i tysk ved Universitetet i Oslo. Ho arbeidde som lærar og adjunkt mellom studieperiodane, og frå 1963 til 2000 var ho universitetslektor, seinare førsteamanuensis, ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo.
     
    Åse-Marie Nesse var formann i Norsk PEN i mange år. Ho var medlem av Norsk kulturråd og medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening 1976–1981.
     
    Nesse debuterte som lyrikar i 1970 med diktsamlinga Av hav er du komen. Forfattaren veksla mellom nynorsk og bokmål i ein forfattarskap som omfattar om lag 22 diktverk. Dikt i samling kom ut i 1999 (Samlaget). Hovudverket av gjendiktingane er Goethes Faust–Faust I (1993) og Faust II (1999).
     
    Åse Marie-Nesse fekk ei rad prisar, mellom dei Bastianprisen i 1967 og Den tyske æresordenen Bundesverdienstkreuz i 1993. Ho blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2001. I 1999 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela.
     
    Sigrid Bø Grønstøl
     

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Åse-Marie Nesse var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1999.