Arne Moslåtten
Foto: Kjerstin Gjengedal

Arne Moslåtten

Arne Moslåtten, musikkskulerektor, songlyrikar og musikar. Unnateke éin song har han skrive alle tekstane for gruppa Hellbillies, med folkeleg kvalitet og hallingdialekt som varemerke


Moslåtten er fødd i Ål i Hallingdal 4. april 1948 og busett same staden. Etter examen artium ved Hallingdal Gymnas i 1968 gjekk han musikk- og teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole 1969–70, tok psykologi grunnfag ved Universitetet i Bergen i 1971 og er utdanna musikklærar frå Musikkonservatoriet i Bergen i 1976.
Han var musikklærar på Dalekvam skule 1976–78 og rektor ved Ål musikkskule 1978–93. Frå 1990 har han vore songlyrikar og musikar i Hellbillies, på heiltid frå 1994. Der har han signert alle tekstane unnateke «Røta» på Urban Twang (2001), som er skriven av Arne Sigurd Haugen.
På plate debuterte han med The Clinkers som i 1966 gav ut singelen No more potations. I alt har han vore med godt over 20 plateutgivingar, i fleire høve som produsent. Han har gitt ut bøkene Stev på hjernen (1996) og Hallingdøl. Minne frå dalen (2004) og skrive minst 150 songar. Som første songlyrikar var Arne Moslåtten festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2012.

Dialektdiktar
Med solid bakgrunn frå tradisjonsmusikk og poprock fortel Moslåtten historier der det lokale og vesle blir nært og allment, og ein respekt for bygdelivet tek form. Songlyrikken hans er på hallingdialekt eller nynorsk, sikker i form, mangfaldig i innhald og spelar på folkelege seiemåtar, typar og situasjonar der tradisjon og moderne liv møtest.

Dei tidlege Hellbillies-tekstane er gjendikta frå engelsk, men det meste Moslåtten har dikta, er originaltekstar. Somme av desse har hatt rytmiske førelegg på engelsk av Aslag Haugen. Moslåtten har også skrive for artistar som Rita Eriksen, Guren Hagen, Hallingdal Kraftlag og Olav Stedje. Tekstane blir skrivne til melodiar som alt er ferdige. Difor får rytmen og stemninga mykje å seie for innhaldet i tekstane. Moslåtten legg særleg vekt på å få språk- og melodirytmen til å gå i hop slik at musikken spelar på lag med språket.

Instrument og artistar
Moslåtten trakterer særleg fløyte, trekkspel og gitar. Han spelte gitar i gruppa The Clinkers 1963–66 og har vore med i Toradertrioen frå Hallingdal, Tore Løvgreens Orkester, Sven Nyhus Kvartett og Sven Nyhus Kvintett.

Moslåtten var også med i Kådnbandet som i 1990 blei til Hellbillies. Draumen var å gi ut ei plate med amerikansk countryrock og engelske tekstar. Då hadde gruppa enno ikkje spelt utanfor Hallingdal. På kort tid omsette Moslåtten tekstane til hallingdialekt, og seinsommaren 1992 gav Hellbillies ut første plata si, Sylvspente boots. Frå då av har alt vore på norsk. Berre songen «Angelina» på konsertalbumet CoolTur (2002) er på engelsk.

Blant Arne Moslåttens utanlandske førebilete er Ian Anderson, Alison Krauss, James Taylor og Frank Zappa. Av norske artistar set han Rita Eriksen, Jonas Fjeld, Annbjørg Lien og dei mange tradisjonsmusikarane høgt.

Arne Moslåtten var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2012.

Frå Ottar Grepstad: "Arne Moslåtten", Allkunne.no, sist oppdatert 29.1.2018 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.