Ingvar Moe

    Ingvar Moe, forfattar, kåsør og moromann. Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Moe skreiv med kjærleikshat til heimbygda Etne, kritiserte hykleri og fordommar, men elska staden, dialekten og krafta i folket.

    Ingvar Moe
    Ingvar Moe
    Moe blei fødd 11. desember 1936 i Etne, Sunnhordland og døydde i Trondheim 2. september 1993. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1959 og arbeidde som lærar i ungdomsskulen 1960–1980, mellom anna i Nøtterøy og Nodeland. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både vaksenlitteratur og barnelitteratur, dikt, noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida av kåseri, revytekstar og popsongar. Han var ein stor opplesar og underhaldar og ein kjend og kjær radiokåsør.
     
    Ingvar Moe debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlinga Løktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farga nynorsk normalmål.
     
    Sigrid Bø Grønstøl
     

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Tekstar og annan informasjon om Ingvar Moe