Elias Melvær

    Elias Melvær, amtsskulelærar, målreisar og politikar. Han var den første som vart referert på landsmål i Stortinget.

    Elias Melvær
    Elias Melvær

    Elias Melvær var fødd i Askvoll 1. mai 1848 og døydde i Bergen 21. september 1924. Han tok lærareksamen på Stord i 1869, var folkeskulelærar nokre år i Sunnfjord og vart så tilsett på amtsskulen i Nordfjord i 1876. Ved sida av skulearbeidet dreiv han som gardbrukar. 

    Skulen heldt til på Apalset i Gloppen fram til 1886 og flytte så til Innvik. Seinare vart han slått saman med amtsskulen i Sunnfjord og vart til amtsskulen i Fjordane, som heldt til i Florø, deretter på Nordfjordeid. Melvær var andrelærar ved skulen fram til 1900. Han var så dampskipsekspeditør for Fylkesbåtane i Florø. 

    Melvær var radikal venstremann og møtte på Stortinget for Venstre som vararepresentant for Jacob Sverdrup i 1885. Han var ein av dei 41 stortingsrepresentantane som i januar 1885 underteikna oppmodinga om at «det norske Folkemålet» skulle få «full Rett og Fridom jamsides Bokmålet». 30. april 1885 heldt han det første innlegget som vart prenta i Storthingstidende på landsmål. Han omsette sjølv referatet. Saka galdt løyving til kurs i landsmål for lærarar. 

    Melvær var med og skipa Firda Mållag og var den første formannen i laget (1899–1903). Han var ein etterspurd folketalar og talte mange stader i landet om målsak, fråhaldssak og andre emne. I Firda Mållag, Sunnfjord Ungdomslag og Noregs Ungdomslag var han æresmedlem.

    Jon Grepstad

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.