Torkell Mauland

    Torkell Mauland, lærar, lokalhistorikar og folkeminnegranskar. Han skreiv om hekseprosessar, prestar og lensmenn i Rogaland.

    Torkell Mauland
    Torkell Mauland
    Torkell Mauland var fødd i Time 3. januar 1848 og døydde i Asker 31. mars 1923. Han var odelsgut, men valde lærarvegen. Knapt konfirmert gjekk han lærarlærlingskule hos klokkar Velle Vellesen i Time og vart 15 år gamal lærar i bygda ved den udelte omgangsskulen i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans. Mauland vart seinare den trugnaste brevvenen til Garborg.
     
    Mauland gjekk Holt seminar i 1867–69, møtte Hans Ross og fekk eit klarare syn på kor viktig den nasjonale reisinga var. Han lærte seg gamalnorsk for å få eit historisk perspektiv på det norske språket og skreiv i 1871–73 artiklar på landsmål i Garborgs Lærerstandens Avis. Frå 1869 var han lærar i Høyland og i 1872–75 i Stavanger. I 1875–91 var han rektor ved den ambulerande amtsskulen i Ryfylke, der han hadde Rasmus Løland som elev og gav han dei to–tre timane med opplæring i landsmål som var den einaste landsmålsundervisninga Løland fekk i livet. Mauland underviste så eitt år i norsk på Klæbu seminar, var lærar og klokkar i Aure 1892–97 og i 1898–1913 lærar i folkeskulen i Kristiania, det meste av tida på Lilleborg skole. I 1903–1916 var han òg kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i Kristiania.
     
    I 1912 flytta han til Sætre i Heggedal i Asker, til eit gardsbruk han hadde kjøpt. Han sa opp lærarstillinga og konsentrerte seg no om bygdehistorie. Frå 1914 fekk han statsstipend. Han arbeidde i Riksarkivet med materiale frå Rogaland. Og i 1916 gav han ut Trolldom, ei bok om hekseprosessar i Rogaland. I 1917 kom Prestarne paa Lye, og posthumt i 1925 Or soga um Jelsa-prestarna. Posthumt kom òg Lensmenner i Rogaland (1924–26) og dei tre banda Folkeminne fraa Rogaland (1928–35).
     
    Jon Grepstad

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Tekstar om Torkell Mauland
    Arne Garborg: Eit granskarliv (1923)