Jag är Supermann

(Noveller for ungdom, 2017, utdrag)


Utdrag frå novella «Fuglen i røyret»
 

16-åringen Anders vil gjere inntrykk på Marianne, som han er svært forelska i, og melder seg som besøksvenn på Aldersheimen. Men han er ikkje heilt førebudd på oppgåva som ventar

 – Kven er det? lydde ei sur stemme bak døra.

Torhild dytta døra opp, og eit bitte lite rom på toppen åtte kvadrat kom til syne. Det var glovarmt og elendig luft der inne. Dei kvite gardinene var trekt for vindauget. I det eine hjørnet av rommet stod ei uoppreidd seng. På motsett side var det eit bord og to stolar. Mannen, som ifølgje dørskiltet heitte «Agnar Tobiassen», sat i den eine av dei. Han verka eldgammal og svak. Ein tynn, senete krok. Han måtte vere langt over 80 år, og var kledd i raudrutete skjorte og brun bukse. Håret hans var eit slags reir av kritkvite bustar, og han var ekstremt lutrygga.

Men det var ansiktsuttrykket som gjorde mest inntrykk: Auga formidla ein intens uvilje. Munnen var forma til ein gretten geip.

Det var som om heile ansiktet var snudd på vranga.

– Du har fått besøk, kvitra Torhild og dytta Anders framfor seg.

Mannen skulte mot Anders.

– Eg har ikkje bedt om besøk.

– Eg veit det, Agnar, svarte Torhild. – Men som du kanskje kjenner til, har vi ei ordning med besøksvenner her på Helsetunet.

Tobiassen stira bistert vekselvis mot henne og Anders. Stemma hans var klokkeklar idet han endeleg følgde opp tråden:

– Eg kjenner til den ordninga, ja. Det er derfor eg aldri har bedt om nokon besøksvenn.

Torhild sleit no, merka Anders. Han var passe sett ut sjølv òg. Her var han altså blitt tildelt tidenes største vriompeis av ein gamlis som besøksvenn, same dag som han hadde gjort opprør og rømt frå mora. Og møtt Marianne på kyrkjegarden.

Det var berre så totalabsurd.

Han forsøkte å stålsetje seg, måtte halde ut dette levande marerittet for å skåre poeng hos Marianne.

Torhild vende seg mot han. Ho verka lettare oppgitt.

– Eg beklagar, altså. Men eg må gå og førebu lunsjen no.

Ho snudde seg mot Tobiassen.

– Ver grei med Anders. Og ver positiv! Lovar du det?

Tobiassen svarte ikkje. Han heldt berre fram med å skule mot Anders.

Torhild stansa i døropninga og kikka mot dei ein siste gong. Så sukka ho tungt, lukka døra og forsvann.

 

Ei klam, ekkel stille senka seg i rommet.

Tobiassen gav seg til å stire demonstrativt i ei anna retning. Anders stod og famla med hendene. Han sleit skikkeleg, ante ikkje kva han skulle seie. Kva snakka ein med gamle menneske om?

Tobiassen stønna like bortanfor han. Anders kikka forsiktig i hans retning.

– Du kan gå no, sa Tobiassen. – Eg skal ikkje sladre til diktatoren.

– Men …

Tobiassen vifta iltert med ei knoklete hand, som om det var ein plagsam veps i rommet.

– Gå!

Anders ante ikkje kva han skulle gjere. Han kunne ikkje forlate Tobiassen allereie? Om han først hadde forplikta seg til å vere besøksvenn, måtte han vel vere her ei stund? Dessutan ville jo ikkje Marianne vere ferdig med sitt besøk på ein time?

Han drista seg til eit kremt:

– Skal eg opne gardinene for deg? Det er kjempefint vêr ute.

Det fiendtlege blikket til Tobiassen fekk han til å stivne.

– Om eg hadde hatt lyst til å sjå på finvêret, hadde eg trekt gardinene til sides for lengst. Elles takk.

Anders svelgde. Den første innskytinga var at nei, no måtte han faktisk gå. Han kunne da ikkje vere her inne – kor han mildt sagt ikkje var ønskt? Like fullt gjekk det ein liten djevel i han.

– Så du sit her og ventar på å døy?

Det gjekk eit rykk i den gamle kroppen, etterfølgt av ny skuling.

– Ja, og sjølv det får ein ikkje gjere i fred.

Anders fekk ei merkeleg innskyting:

– Bur «I går kveld» her lenger?

For første gong syntest Anders å merke ei viss interesse i auga til Tobiassen.

– Kjente du «I går kveld»?

Anders rista på hovudet.

– Morfar min og «I går kveld» var barndomsvenner. Morfar tok han i forsvar når dei andre bebuarane erta han.

Tobiassen heldt han med blikket.

– Så du er soneson til Gunnar?

– Ja. Han var nesten like umogleg som du. Men berre nesten.

Tobiassen sleppte eit kort latterblaff, men tok seg kjapt i det.

– Gunnar var ikkje den verste, sa han etterpå. – Eg hadde respekt for han.

Så blei det stille. Tobiassen gav seg til å stire i ei anna retning igjen. Anders blei ståande stum. Han forsøkte fortvilt å komme på fleire ting å seie, men no var det heilt kokt der oppe i hovudet.

– Kva har du lyst til å gjere? spurde han til slutt. – Eg meiner, dei gongane vi skal møtast?

Eit oppgitt sukk steig opp i Tobiassen.

– Er du usedvanleg treig i toppetasjen? Eg vil ikkje ha nokon besøksvenn. No får du pelle deg ut! Og lov meg å aldri komme tilbake!

Anders flytta seg eit steg i retning døra. Samtidig var han i ferd med å bli skikkeleg irritert på denne Tobiassen-dusten. Og overraskande nok kjente Anders ein barnsleg trong til å tyne han litt:

– Du vil ikkje lære å sende sms, da?

Tobiassen rista oppgitt på hovudet.

– Eg har ikkje mobiltelefon eingong! Herregud, no må du fader ta eit hint snart.

– Og du spelar ikkje noko, heller? Sjakk? Kort? Yatzy?

Dei to auga spidda han på ny.

– Ser eg ut som ein fyr som liker å spele Yatzy?

– Nei, du ser ut som ein jævla sur fyr.

Anders kvapp av kor frekk han var. Han hadde aldri tort å seie imot nokon på denne måten før, ikkje eingong storesøstera. Det var som om ei mørk og farleg luke hadde opna seg i han denne dagen. Men samtidig låg det òg ei stikkande fortviling og ulma der bak.

Det var like før det gjekk hòl på alt.

Tobiassen lét seg uansett ikkje påverke. Han sende berre enda eit giftig blikk i retning Anders.

Anders gav opp.

– Ja vel, greitt, eg skal gå.

– Fint. Og som sagt: Ikkje ta deg bryet med å komme tilbake.

Anders tok tak i dørhandtaket, men merka samtidig korleis det kokte inne i han. Og akkurat da han skulle til å forlate rommet, rann det plutseleg over. Han vende seg mot Tobiassen ein siste gong. Tårene stod opp i auga, og alt brast. Han forsvann inn i ein mørk materie og ropte av all makt:

– Ikkje innbill deg noko! Eg er her berre for å få meg kjærast! Ho heiter Marianne, og ho er den finaste jenta i verda. Det var ho som ønskte at eg skulle hjelpe deg, din sabla kødd! Eg fattar ikkje kvifor!

Og no gjekk det verkeleg hòl på han. Tårene rann, og han var visst ikkje riktig ferdig med ropinga, heller. Han makta i alle fall å brøle ei siste helsing til Tobiassen:

– Du er faen meg det største rævhòlet eg har møtt! Eg håper du rotnar i helvete – og må sitje der utan annan besøksvenn enn Satan sjølv!

Han blei ståande og snappe etter luft, før han la til:

– Til evig tid!

Så slamra han døra igjen.

 

__________________________________________________________________

Frå Lars Mæhle: Jäg er Supermann. Samlaget 2017.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2017.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag
__________________________________________________________________