Olav Madshus

    (1869-1929). Fødd i Østre Toten. Skulemann. Lærar i Grue.

    Aktiv i den frilynde ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene. Omsette til nynorsk to skodespel av Shakespeare, Macbeth (1901) og Kaupmannen i Venetia (1905). JG

      William Shakespeare: Lady Macbeth

      (Omsetjing, 1901)

      Omsett av Olav Madshus
       
      (Rom i borgi aat Macbeth. Lady Macbeth stig inn, lesande eit brev.)
       
      Lady Macbeth(les).
       "Dei møtte meg paa siger-dagen; og fullgod visse hev eg for at dei veit meir enn menneskje. Daa eg brann av hug etter aa spyrja deim meir, gjorde dei seg til luft, og i lufti kvarv dei. Med' eg stod klumsa og undrast paa dette, kom de bodberarar fraa kongen; dei helsa meg thegn av Cawdor. Med den tignardomen hadde volvesystrane alt helsa meg, og tala um framtidi med dei ordi: "Heil deg, som heretter skal verte konung!" Dette vilde eg mæle um aat deg, dyre maken min, som skal hava lut i heidren min, so du ikkje skulde misse noko av den gleda som med retten er di, av di du ikkje visste um den æra som deg er lova. Legg de paa hjarta og lív vel!"
       
      (Talar.)
       
      Glamis og Cawdor er du, og skal bli
      kva meir er spaatt; men eg er rædd ditt lynde.
      De er so fullt av manna-godleiks søtmjølk,
      at vegen som ligg nærast tek du ikkje.
      Du vilde gjerne vera megtug, - er kje
      so reint forutan hug til større ære,
      men eig kje vondska som lyt fylgje med,
      og de som heitt du vil, de vil du heilagt.
      Aa kom, at eg kann setja m i t t mod i deg
      og døyve med mi sterke tunge alt
      som held deg burte ifraa gullan-ringen,
      den lagnaden og alle dulde magtir
      klaart nok hev krynt deg med.
       
       
      (Ein hus-kar stig inn.)
       
      Du bèr visst ærend?
      Hus-karen.
      I kveld kjem kongen hit.
      Lady Macbeth.
      Du ørskar nok.
      Er kje din husbond med? - Og um so var,
      daa hadde han sendt fyri-bod um fagning.
       
       
      Hus-karen.
      Med lov, - d'er sant; jau, thegnen vaar kjem etter.
      Ein av hans fylgje kom litt fyri hine.
      Han var mest sprengd og aatte snaudt nok ande
      til aa faa fram sitt ærend.
      Lady Macbeth.
      Stell vel med han!
      Han fører stort bòd.
       
       (Hus-karen gjeng.)
       

      Ramnen sjølv er haas,
      som varslar um at Duncan til sitt uheil
      dreg inn i borgi mi. Aa kom no, vette
      som vaktar blod-draums hèr, klæd kvinna av meg
      og fyll meg ifraa hovud og til ilje
      med fælast hardhug, og gjer blode tjukt;
      steng veg og bru for angeren, so aldri
      ein samvits-styng skal skiple meg i raadi,
      den fæle eg hev lagt, og setja fredhug
      imillom den og gjerdi! Av min barm
      sug gall for mjølk, déhjelparar til mord
      som smett og smyg usynlege ikring oss
      og valdar vaae. Kom, du myrke natt,
      og sveip deg inn i svartast helvit-eim,
      so kvesste kniven min ser ikkje saare
      han gjer, og ingin engil lettar tjelde,
      de natte-myrke, undan, til aa rope:
      "Stans! Stans!"
       
      (Macbeth inn.)
       
      Aa store Glamis! Vyrde Cawdor,
      og endaa større, sannast alt som spaatt er!
      De breve du hev sendt meg, hev meg egst
      ut yvi tidi, so eg skòdar klaart
      i denne stund vaar framtid.
       
      Macbeth.

      Kjære ven,
      Duncan kjem hit i kveld.
       
      Lady Macbeth.

      Naar fèr han burt att?
       
      Macbeth.

      I morgon, er det meiningi.
       
      Lady Macbeth.

      Aa, aldri
      skal sol den morgon sjaa! - 
          Min hæve thegn, ditt andlit er ei bok,
      der tolk kann lesa underlege ting.
      Men vil du svike folk, sjaa ut som dei!
      Bèr fagnad fram med augo, hand og munn,
      sjaa meinlaus ut som blomen, men ver sjølv
      ormen som lurer under! Me lyt syte
      for han me ventar hit. Lat meg faa skipa
      de store verke, de som me lyt gjera
      i natt, og som for tid som koma skal
      vil kongs-tign gjeva oss og einevald.
       
      Macbeth.

      Me raadlegg sidan.
       
      Lady Macbeth.

      Berre sjaa upp greidt!
      Skifter du lítir, vil dei ottast leidt.
      For resten syter eg.
       
      (Dei gjeng.)
       
      [Notar:]
      tignardom: høi værdighed.
      volve: spaakvende.
      fagne. taka imot.
      Duncan er namne paa kongen.
      uheil: ulukke.
      ilje: fotsole
      vaae: faare, ulukke.
      egse: drive, eggje upp.
       

      Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad