Jørgen Løvland

    Jørgen Løvland, skulemann og politikar. Han var første norske utanriksminister, og opptatt av språkpolitikk. Løvland var statsminister først i Sverige, og seinare etter unionsoppløysinga statsminister i Noreg.

    Jørgen Løvland
    Jørgen Løvland
     

    Jørgen Løvland var fødd 3. februar 1848i Evje i Setesdal og døydde i Kristiania 21. august 1922. Jørgen Løvland kom frå jamt velståande bondefolk i Setesdal. Både onkelen hans og onkelen til mora hadde vore stortingsrepresentantar, og Jørgen Løvland sjølv var tremenning til og jamaldring med ein annan sørlending som skulle bli ein stor politikar, Gunnar Knudsen. Det vart diskutert mykje politikk i familien, og det var Ueland og seinare Jaabæk som var heltane der i garden.
    Heilt frå barndomen hadde Løvland ein brennande lesehug. Presten i heimbygda la merkje til guten og tenkte å få han til den lærde skulen i Kristiansand, men det vart for dyrt. 16 år gamal reiste han i staden til seminaret - lærarskulen - på Holt. Det tok han på berre eitt år, og gjekk ut med utmerking i 1865. Året etter tok han til som lærar i Kristiansand, og der var han til 1878. Då vart han rektor ved den nye amtsskulen i Nedenes, ei stilling han hadde til 1884. I alle desse åra som lærar nytta Løvland all si fritid til å lære meir. Han studerte språk på eiga hand og han grov seg ned i norsk historie.

    «Hadde eg visst like mykje som Jørgen Løvland, ville eg ikkje ha fått utretta det slag», sa Christian Michelsen. Truleg hadde det ikkje blitt norsk lausriving frå unionen i 1905 dersom det hadde vore Jørgen Løvland og ikkje Christian Michelsen som hadde styrt skuta. Der Michelsen handla først og tenkte på konsekvensane etterpå, opererte Løvland på den stikk motsette måten. Han tenkte og tenkte og vurderte konsekvensane. Eigentleg er det rart at dei to gjekk så pass godt i hop, men dei hadde gjensidig stor respekt for kvarandre. Løvland var eit levande leksikon og Michelsen eit handlingsmenneske som var avhengig av andres kunnskap.

    Nomadane i Venstre
    I riksrettsåret 1884 vart han redaktør av Christiansands Stiftsavis. Det ga han eit namn i Kristiansand, og ved valet i 1885 vart han vald til Stortinget for Venstre. I den indre striden i partiet i åra framover sto Løvland klart på politiske lina til den fløya som vart kalla Reine Venstre, men han hadde vondt for å akseptere kløyvinga i partiet, og saman med Otto Blehr var han difor leiar for den gruppa som vandra litt mellom begge leirane. denne gruppa vart kalla «nomadane». Også i unionspolitikken høyrde han til aktivistane. Utover i 1890-åra var det unionspolitikk og samferdselspolitikk, særleg jarnbaneutbygging og telefonutbygging, som interesserte han, og han kjempa for Setesdalsbana, mens Michelsen kjempa for Bergensbana. Dei vann fram begge to.

    Unionspolitikken
    I unionspolitikken var Løvland blant «haukane» i Venstre. Han ville ta kampen med svenskane med ein gong. Han var også ein ivrig tilhengar av eit sterkt forsvar, og såg ein naturleg samanheng mellom dette og det faktum at han var ein av dei sterkaste talsmennene på Stortinget for fredssaka. Det siste gjorde at han vart med i Stortingets nobelkomite frå starten av og han var med og delte ut fredsprisen så lenge han levde, altså i over 20 år. Han kom med i Johs. Steen si regjering i 1897, og vart arbeidsminister. Eitt år, 1899 -1900, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Det skulle gi nytting innsikt til då han fekk same jobben i Michelsen si regjering. Han nytta opphaldet i den svenske hovudstaden til å lære seg fransk og til å studere svensk politisk historie. Sommaren 1900 kom han heim att og vart arbeidsminister fram til Steen gjekk av, og same posten hadde han i Blehr si første regjering.

    Sjølv om han hadde 20 års virke i norsk toppolitikk bak seg før 1905, var det likevel det året som kom til å gi Jørgen Løvland ein viktig plass i norsk historie. Løvland var ein av dei første Michelsen vende seg til då han fekk i oppdrag å skipe regjering i mars 1905. Løvland aksepterte den vanskelege statsministerposten i Stockholm, han skulle sitje nærast i «løvens hule» og ha nærkontakta med kongen. Det var nettopp hans kjennskap til Sverige og til kongen som vart utslagsgivande, og det var Løvland som på vegner av regjeringa førte tingingar med kongen og kronprinsen. Ein statsrådkollega av han ved avdelinga i Stockholm, Edvard Hagerup Bull, fortel at Løvland kvar sundag under opphaldet i Stockholm, gjekk til fransk messe. Språket hadde han lært seg sist han var i den svenske hovudstaden, men no sat han i kyrkja og lærde gloser og uttale. Hagerup Bull stiller spørsmålet om Løvland her øvde seg i fransk med ein komande utanriksministerpost som mål? Utanriksminister vart han då også, og det fall på han å bygge opp den norske utanrikstenesta frå grunnen av.

    Målmannen
    Like før nyttår same året kunne avisene fortelje at Jørgen Løvland i jula hadde vore på besøk hos statsminister Gunnar Knudsen på godset hans, Borgestad. Løvland hadde heile tida hevda at han var venstremann og at det var for Venstre han ville drive politikk. I nokre år framover sto han utanfor rikspolitikken. Han arbeidde i tolletaten i Oslo, og vart i 1910 utnemnd til tollkasserar, men ved sidan av dreiv han framleis politikk og no var det først og fremst språkpolitikk han var oppteken av. I januar 1909 vart han vald til formann i Noregs Mållag, og same året heldt han den første talen sin på nynorsk.

    Då han på nytt vart innvald i Stortinget i 1913, gjekk den gamle mannen over til å nytte nynorsk både i tale og skrift. Han var så oppteken av at også språket måtte få sitt «7.juni-vedtak». Med andre ord at det norske språket måtte lausrivast frå dansk. «Fornorskingskravet» hans gjekk visstnok så langt i Michelsen-regjeringa at han reiste framlegg om at ein burde skifte namn på Karl Johans gate.

    Han vart raskt tilgitt i Venstre, og då Gunnar Knudsen i 1913 skipa den andre regjeringa si, ønskte han primært å få Jørgen Løvland som utanriksminister. Dette vart det ikkje noko av. Løvland sjølv ønskte å bli stortingspresident, ikkje minst med tanke på å kunne representere og tale ved den store markeringa av grunnlovsjubileet i 1914. Han vart då også den første nynorske stortingspresidenten.

    Rettskrivingsnemnda
    I oktober 1915 kom han likevel inn i Knudsens regjering, og denne gongen som kyrkje- og undervisningsminister. Igjen var det språksaka som lokka, og det vart sagt om han at han gjorde departementet om til eit kulturdepartement. I 1916 sette han ned ei ny rettskrivingsnemnd, og ga denne i oppdrag å få til ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål. I 1917 var utgreiinga ferdig, og same året sende Løvland ut vedtaket om den nye rettskrivinga. Ein storm reiste seg både frå riksmålssida og frå dei nynorskfolka som ville halde på Aasen-normalen.

    I 1918 fekk også Løvland gjennomført ei fornorsking av det norske namneverket, slik at m.a. fylka og bispedømma fekk att sine gamle norske namn, t.d. Bjørgvin, Nidaros og Hålogaland. Også dette skapte storm, og det er liten tvil om at desse sakene i tillegg til at Venstre hadde programfesta brennevinsforbod, medverka til at partiet gjekk kraftig tilbake ved valet i 1918, og at det nesten vart utan mandat i byane. Løvland sat som kyrkje- og undervisningsminister fram til regjeringa Gunnar Knudsen gjekk av sommaren 1920. Då var både Løvland og Knudsen 72 år gamle. To år seinare, den 21. august 1922, døydde Jørgen Løvland i Kristiania.

    Frå Harald Kjølås: "Jørgen Løvland", Allkunne.no, sist oppdatert 7.6.2013 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

    Tekstar om Jørgen Løvland