Ole Gabriel Ueland

    (Minnestykke, 1910)

    Ole Gabriel Ueland
    Ole Gabriel Ueland

    Av Rasmus Løland (1799-1870)


    Naar det er einkvar som hev kome seg langt fram i verdi og fenge eit stort namn, tenkjer visst mange: "Ja han maa ha havt lukka med seg og fenge hjelp paa alle maatar." Men ser me betre etter, so skal me mest jamt sjaa at slike folk hev havt ein tung veg aa ganga, fyrr dei naadde fram til noko. Og det som hev hjelpt deim fram, er fyrst og fremst det at dei hev arbeidt so idigt og aldri gjeve seg for mot-gang og vanskar.

    O l e   G a b r i e l   U e l a n d   var ein av deim som soleis maatte stræva seg fram med liti hjelp. Me skal her herma eitt og anna som han sjølv hev fortalt um den tid i han voks upp og gjekk i skule.

    Ole G. Ueland var fødd paa ein gard heitte Skaaland, i Lunde sokn i Dalarne (aust for Jæren), og var næst eldst av fire systkin. Foreldri hans aatte ein liten jordveg der paa garden, og faren var ein dugande arbeidsmann; han kunde ymse handverk og hadde lagt seg pengar til beste. Men han miste deim alle daa pengarne "gjekk ned", ikring 1814. Eit par aar etter døydde kona hans, og det gjekk daa endaa meir til atters for honom.

    Ole Gabriel synte tidleg at han var ein emneleg gut og snar til aa læra. Men det dei kunde faa læra i skulen utpaa bygderne i dei tider var fælande lite, og faren hadde ikkje raad til aa kosta guten i nokon betre skule. Han maatte daa hjelpa seg sjølv so godt han kunde.

    Daa han var millom 5 og 8 aar - fortèl han - fekk morfar hans, Aasmund Skaaland, rett finna kor forviten han var. Alt det han visste or bibelen og soga maatte han ut med. Naar han fortalde um Fredrik den store og Tordenskjold og raadhuset i Amsterdam og Rundetaarn i Kjøpenhamn, sat guten som trylt og ikkje nokor onnor moro var so gildt som dette. Og naar morfaren ikkje hadde meir av det slaget, laut han fortelja alle dei eventyr han visste. - Av mor si lærde Ole Gabriel aa lesa i abc-boki; sidan hjelpte han seg sjølv med boki. 

    Dei hadde paa den tidi leigt ein gamall gravar til aa halda umgangsskule i bygdi, og faren sende guten i skulen av og til, ikkje for di at han skulde læra noko - "den eine blinde kunde ikkje syna den andre vegen," segjer han sjølv - men for di at prest og klokkar ikkje skulde faa noko aa segja. Men skulemeisteren tykte snart at han var altfor klok for honom; han lét guten lesa kva han sjølv vilde. - Sidan lærde han seg til aa skriva etter ei fyreskrift som far hans ein gong hadde fenge tak i; men han tykte ikkje sjølv at det gjekk vidare godt. Endaa traa-are var det aa faa læra aa rekna; for der var ingen i bygdi som skyna seg paa reknekunsti. Han fekk fyrst lite-grand rettleiding i rekning av ein dreng fraa grannebygdi, og daa han var 12 aar gamall, sende faren honom til ein mann burt i Gylands-bygdi som kunde rekna; han skulde gaa der i rekneskule i 8 dagar, og til vederlag for det skulde han arbeida og gjera gagn for seg hjaa æraren [sic]. Han maatte daa gaa der og vera med og draga heim ved mest heile dagarne, og so fekk han "skule" um kveldarne. Men det vart nok ikkje mykje av. Mannen var so gniken at han ikkje ein gong vilde kosta ljos; dei laut hjelpa seg med ljoset fraa omnen. "Det einaste eg hadde att av desse skuledagarne," segjer han, "var det at eg var fælande leid og arg for eg hadde vore i rekneskule og endaa ikkje kunde rekna." Men dette gjorde at han sidan skreiv til Kristiansand etter ei reknebok, og for tri merker smør fekk han byta til seg tri stykke av ei tavla; desse stykki sette han saman og sette ei raama ikring. "Daa var det ikkje lenge fyrr eg var ein god reknemeister," segjer han.

    Ei tid fyrr hadde han fenge tak i ei bok um landkunna. Etter det han las der, og sumt han høyrde folk fortelja, laga han seg eit slag likning av jordkula og jordflata. Det kosta nok mykje stræv; men han lærde ikkje so lite av det. Ein globus eller eit landkort hadde han endaa aldri sét.

    Ein prest i Lund hadde ein gong for ei heil tid sidan fenge i stand ei bygdeboksamling, og av den fanst der endaa att nokre bøker. Desse bøkerne nytta Ole Gabriel godt. Og fekk han spurlag paa ei bok nokon annan stad, so maatte han faa tak i ho. Men det var ikkje mange bøker folk hadde i dei tider. Umframt kyrkjebøkerne var det ikkje stort anna enn ei og onnor av Peter Dass og Dorthea Engebretsdotter og kjempe­visorne etter Peder Syv og sogebøkerne um Holger Danske og keisar Karl. Hjaa baae besteforeldri hans hadde dei bibelen, og dei gøymde likso varleg som paven sjølv paa den heilage boki, fortel han. Men han var protestant og stal seg til aa lesa i han. Daa far-far hans døydde i 1812, ervde far hans bibelen etter honom; dette tykte Ole Gabriel var den største lukka som nokon gong hadde hendt honom.

    Daa han var 17 aar gamall, vilde dei hava honom til lærar i umgangsskulen, og presten skulde høyra kva han kunde. Han fekk berre lovord. Men mykje betre hadde det vore, at presten hadde lete ille, segjer han sjølv; daa kunde han fenge ein tanke um kor lite han kunde, og kor vel han trong um aa læra meir. Verst var det, segjer han, at han hadde so liten kunnskap i "morsmaalet". Han hadde nok ein gong fenge tak i ein grammatik; men denne lesnaden tykte han var for turr, og so tenkte han: kva skal du med grammatik? Du kjem aldri til aa skriva brev, og vil du skriva noko til moro for deg sjølv, so skynar du alltid di eigi skrift. - Sidan skyna han at dette var gale; men han hadde daa stødt so mykje aa gjera, at det var ikkje greidt aa taka att det som vanta. Det var ikkje fyrr enn langt fram i aari at han lærde seg til aa skriva meir lett og fritt.

    Det morsmaalet som han talar um var det danske bokmaalet. At det rette morsmaalet var det som dei tala heime paa byg­derne, og at ein kunde bruka d e t baade i brev og bok, skyna dei den gongen ikkje. Men at Ueland soleis fekk læra so lite bokmaal, det gjorde at han kom til aa tala sitt rette morsmaal meir enn vanlegt var i dei tider. Han fekk jamvel høyra ilt for at han tala so stygt - "en hæslig vestlandsk dialekt", sagde dei. Høgre tankar hadde dei den gongen ikkje um norsk maal.

    Daa han hadde stade prøva so godt for presten, vart han umgangsskulelærar i Lund, heimbygdi si. I aaret 1827 vart han lærar og klokkar i Heskestad og tok namnet Ueland etter ein gard han vart eigande der. Folk skyna snart kor gaaverik og dugande ein mann han var, og rett lenge var det ikkje fyrr dei valde honom til stortingsmann. Han kom paa tinget fyrste gongen i 1833. Sidan vart han vald att til alle storting heilt til 1869, og kjent nok er det, at han etter kvart var ein av dei fremste som i tinget sat. Det hadde fyrr vore mest berre embætsmennerne som hadde styrt og raadt der. Men frametter fraa 1833 vart det annarleis. Bønderne paa tinget vart meir og meir med i alt og fekk meir aa segja. Den som gjorde mest til dette var Ueland. Han vart snart føraren og fyretals­mannen deira, og det var han sidan til sin døyande dag. Betre førar kunde dei ikkje lett ha fenge. Han var den kloke og raadvise mannen som alltid tenkte seg vel um fyrr han tala. Og faae hev arbeidt so trottigt til landsens beste som han; i alle dei aari han var paa tinget. Men kor vid-spurd han vart i landet, og kor mykje han hadde aa segja i tinget, so vart han aldri framand for det standet han var komen av. Han var alltid bonde, og vilde kje anna vera. Han var jamn og greid i alt sitt lag og var jamt med og arbeidde paa garden, naar han var heime. Og samtid og ettertid hev gjeve honom det lov, at han var ein av dei fremste bønder landet hev fostra.



    Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad