Gamle gubben

    (Dikt, 1866)

    Av Olav Lofthus

    Naar mitt Auga sviv um Bygdi,
    ser dat mangt eit trøysamt Syn:
    Mann og Kvende trøyta Dygdi,
    amla stødt med Vit og Skyn.
    Gamle Gubben stend og undrar:
    "Tru dat er som kring meg dundrar?"

    Slikt er annat en han kjende
    da han ung i Onni gjekk.
    Annan Skik, for alt seg vende,
    inkje med han fylgja fekk.
    Gubben snur seg, byrjar graata:
    "Livet verd meg no ei Gaata!"

    Unga Slægti ser han bløma,
    gamle Viner falla fraa.
    Undan allting synest røma,
    eismall stend han, skodar paa.
    Hugsjuk han i kring seg bisnar:
    "Alt, eg hadde huglagt, visnar!"

    Men so lenge Gubben tenkte,
    alt til Løysingi han fann.
    Fred seg ned i Saali senkte,
    nya Von i Hjartat rann,
    for sitt Auga upp han vende:
    "Glad eg er fyr alt eg kjende."


    Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 18 og 19. Laugardagen dan 17de Marts 1866. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

     

      Jolareidi

      (Artikkel, 1866)

      Av O.L. [Olav Lofthus]
       

      No um Stunder er dat kyrt og stillt ute paa Tunet Jolaftan. Men so var dat nog inkje i gamle Dagar. Daa for "Reidi" gjenom Lufti paa dan Kvelden og var ned paa Tunet og inn i Uthusom paa mest kvar dan Gard og fekk seg ein Drykk av Jolølet og ein Mole av Jolakaka. No er her vel mange, som inkje vita, kvar "Reidi" er; men Gamlingarne visste vel at fortelja um henne. Fraasegnerna um kor ho saag ut ero nog ymse paa dei ymse Stader. Sume fortelja, at dat er ei heil Droga svarte Menner med lange Halar og Vengjor paa Skap som ei Bjørnahud. Andre meina, at dei hava Hestar, som fara lika radt baade paa Land og Sjo. Eg veit no inkje, kvat som sant kann vera, for eg hever aldri set nokot slikt og inkje høyrt Braaket av deim helder, dat fær no og vera dat sama, kor som var.

       

      Alle Uthus skulde Jolaftan standa rudde aat Reidi. Ingen maatte vaaga at leggja seg dar dan Natti, helder vilde Reidi brjota Nakkabeinet hans. Mannen med si Kona, sine Born og Tenestefolk skulde alle liggja inni Stova og Ljos brenna paa Bordet til Sol var uppe. Høyrde dei daa ei Vindgova braaka - ja so tenkte dei, Stakkarar, at no hava me Reidi, og so breidde dei Aaklædet yver Hovudet og kjende etter um dei hadde Nakkabeinet sitt heilt. No Folk ero vordne so kloke og "civiliserte", blaasa dei aat slik Tru. Do turvte ein tenkja paa, at dar skal baade ein sterk og ljos Hug til at lyfta si Tru og sin Tanke yver dat som Fader og Moder av Vankunna hava fortalt sine Born fyre ein Sannleike. Detta sjaa me ofta nog Døme paa, og dan Mannen, som fyrst gjorde Umstig og brøytte dan nye, rette Vegen, vil Folket minnast med Takksemd og Kjærleike.

       

      I Kvam i Hardanger hadde ingen tort liggja i Uthus Jolanatti fyrr han Asmund Soldal. No er dat vel nokot yver 100 Aar sidan han livde, men Folket hever inkje gløymt honom. Han var tilvand at liggja med dei andre inn i Stova hjaa Foreldrom sine dan Natti lika til han var tjugo Aar. Daa for han til at tenkja, at dat vilde vera morosamt at freista eit Tak med Reidi. Sterkaste Guten i Bygdi hadde han slengt paa Ryggen som inkjevetta. "Tru Reidi kann vera so myket sterkare," tenkte han Asmund og meinte, at han vilde liggja i Sengi si i Budi dan Natti lika so vel som dei andre. Daa gamle Fader hans fekk høyra detta, vardt han rjukande sint paa honom og sagde, at det var at Freista Vaarherre. Og han fortalde mange Tilburdar med honom, korleides alle som ein hadde fenget avbrotet Nakkabein so visst som dei hadde lagt seg i Uthus. Men han Aasmund let seg inkje so lett skræma, - han stod stødt paa sitt. Naar Kvelden kom, tuklade han aat Budi, klædde av seg og lagde seg ned. Til Verja tok han Kniven sin med seg og slo honom fast i Veggen yver Hovudet sitt. Han las Kveldbøni si, breidde Aaklædet paa seg og lagde seg til at sova. Men han hadde inkje sovet lenge, fyrr han med ein Gong vardt teken og hivd paa Golvet. Han høyrde i dat sama, at eitkvart for ut um Dyrri. Han sprang ut etter, men fann ingen. "Dat er no heilt Nakkabeinet mitt en," tenkte han Asmund og lagde seg til at sova atter. Men daa han hadde sovet ei Stund, for han paa Golvet atter lika eins som fyrste Gongen. Han saag inkje meir til dan, som kastade seg, tyktest berre høyra, at han for ut um Dyrri. "Kom att tridje Gongen, torer du!" sagde han Asmund og lagde seg ned atter. No vilde han vaka og tok Kniven i eina Handi si.

       

      Naar han hadde leget ei Stund, høyrde han, at Dyrri gjekk upp, og at nokon kom stillande framyver Golvet burt aat Sengi. "No skal du høyra gjeta," tenkte han Asmund og tok stødt Tak med eina Handi um Knivskaftet. Tvo stora Hender tok seg varlega fast Tak um Livet hans. Men i dat sama for han Asmund framyver med Handi og kjende, at dat var ein Mann, han fekk Fat i Bringa paa. "No heng du," sagde han og mælte til yver Halsen hans med Kniven. Mannen freistade at slita seg laus; men han hadde no raakat paa Neve, som inkje var so veik. "Du fær vera fin Gut og maalgjeva deg fort no," sagde han Asmund, "for utan so tek eg og klember Kniven i Strupen aa deg!" So tok dat til at bidja fint og daa kjende Asmund Maalet - dat var Fader hans. Og so var dat i Røyndi; Faderen vilde inkje, at Sonen skulde brjota paatvert med dan gamla Trui, og so laut han sjølv vera Reidi og faa Guten skræmd.

       

      Men etter dan Dag var Reidi inkje lenger nokor Folkaskræma i Kvam, og Kvemmerne hava Grunn til at minnast han Asmund Soldal med Takksemd og Kjærleike og koma honom i Hug, naar dei Joladagen reika burtyver Gravi hans inn i Kyrkja.



      Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Laugardagen dan 22de Desember 1866. Side 209-211. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
       

        Olav Lofthus

        Olav Lofthus var lærar, journalist og redaktør i Bergens Tidende. Seinare har han særleg vore hugsa for innsatsen sin i venstrerørsla.

        Olav Lofthus
        Olav Lofthus

        Olav Lofthus var fødd 8. oktober 1847 i Ullensvang i Hardanger og døydde 10. august 1894. Han var elev ved Voss høgre Allmugeskule i 1861–62 og tok lærarutdanning ved Stord seminar i 1866–68. Sommaren 1869 gjekk han lærarkurs i gymnastikk og våpenbruk i Kristiansand.

        Lofthus praktiserte som lærar i Vik i tre år og eitt år i Ullensvang i tidsrommet 1862–66. Saman med presten J.E. Unger dreiv han skule for gutar i Norheimsund i 1869–70. Frå 1870 var Lofthus lærar ved Konows folkehøgskule på Halsnøy, og i 1871 ved Kristi Krybbe i Bergen. Han slutta same året, då han vart journalist i Bergens Tidende, og frå 1872 til 1894 ansvarleg redaktør, frå 1874 ei tid saman med Lars Holst.

        Lofthus var med og etablere Bergens Venstreforening og var i 1884 med på Venstre sitt konstituerande møte i Kristiania. Frå 1875 til 1889 var han formann i Bergens Folkevæpningssamlag, ei skyttar- og idrettsforeining som sprang ut av venstrerørsla.

        Lofthus var oppteken av målsak og skreiv artiklar og skjønnlitterære tekstar på landsmål i mellom anna Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd, der han òg var redaktør og formann i 1875. Bergens Tidende gav spalteplass til begge målformer og var viktig for landsmålsbrukarar medan Lofthus sat i redaktørstolen. Avisa var opposisjonsorgan fram til Venstre sitt endelege gjennombrot i 1880-åra. Lofthus rekrutterte skribentar frå det vitskaplege miljøet ved Museet i Bergen.

        Kort tid før han døydde, bad han Bolette Pavels Larsen, litteraturkritikar i Bergens Tidende og forfattar, om å samle og gi ut dikta hans med eit føreord, men utan konkrete føringar for kva ho skulle ta med. Larsen gjorde eit utval der ho inkluderte fleire songar, prologar og dikt, mellom dei diktet «Hardingfela», som var «blandt den skjønneste poesi vi eier» etter hennar meining. Samlinga, med tekstar på begge målformer, vart utgitt posthumt.

        Frå Anne Berit Klungsøyr: "Olav Lofthus", Allkunne.no, sist oppdatert 18.12.2012 [lesedato 6.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.