Ei kanna salt

    (Forteljing, 1889)

    Av Mons Litleré


    Ein gut fraa Sunnfjord fortel.


    Det var ein fager, frisk morgon um hausten, at eg skulde i skulen. Eg hadde vaskat meg og stod med bøkerna under armen. Klokka var inkje nett so mykje, at me trengde um aa ganga. Men eg vilde stad lel. For me skuleborni brukte det jamt so aa vera framme eit korter, fyrr skulen byrjad. Det var slik moro aa leika seg ute kring nausti i fjøra. Der tok me "Tvautry maal", leikad "Graabein og gjeiter" og "Ut, ut, alle mine duvor" og mangt anna. Eg vart so glad, daa eg tenkte paa alt dette. Eg gjekk.
     
     
    Ute i svali stod han far. "Du skal springa ned til Hansen og kjøpa ei kanna salt," sa han. "Eg lyt i skulen no," sa eg. "Nei," sa han, "klokka er inkje nie endaa, so du hev god tid."- "Eg vil i skulen," suttrad eg og tokkad meg frametter. "Kva slag - gjeng du inkje snøgt, skal du faa ris!" sa han far og kom og vilde taka meg. Daa slengde eg bøkerna i troppi og sprang uppetter vegen; eg vilde røma. Eg torde inkje sjaa attum meg, men berre sprang, til eg kom avsides, høgt upp i ville morki. Der la eg meg nedfyr ein stein og glytte. Eg vart inkje var nokon og vilde til aa ganga vidare, daa eg med same saag baade han far og ho mor koma. Dei saag kringum seg alle stader, men gaadte inkje meg. Eg glytte fram ender og daa.
     
     
    Ho mor saag so sorgfull ut. Han far var hard. Dei gjekk framum, snudde so og kom attende. Dei hadde inkje set meg. Men daa eg skynad, dei vilde gange heimatt, vart eg mest fælen. Kvar skulde der verta av meg no?
     
     
    Eg drog meg att og fram kring holtarne. For kva anna kunde eg vel gjera no, eg inkje torde heim. Eg hadde ingen heim, eg no. Eg var heimlaus.
     
     
    Aa - den som kunde ha vengjor og fljuga langt, langt - aldri sjaa heimen sin att eingong. Men nei, eg gjekk der so frosen og fatig.
     
     
    Aa - um eg kunde vaaga meg ned att! Eg laag paa ryggen og saag ende upp i himmelen. Aldri det slag skodd. Han var so klaar, so klaar. - Fjorden var blank som ein spegel. Eg saag marbakken, kor han krokad seg burt og hitetter. Ovanfyr var der fin sand eit heilt stykkje. Der laugad me oss um sumaren. - Lauvskogen stod i gul bunad, kor stillt der var, so datt det ned ender og eit like ved. - Alt kornet stod paa stauren. Det var nett som ein flokk krigsmenner, totte eg. - Der saag eg, borni kom veltande ut or skulestova. Dei hadde frikorter. Aa, kor dei leikad seg! Men eg fekk inkje vera med. "Det er saltet si skuld," sutrad eg. Aa nei, det var nok inkje det. Daa vart det so ilt aat meg. Eg tok paa aa graata - gret og gret, som eg inkje kunde slutta att. So bad eg Fadervaaret mange gonger og bad, at far og mor inkje maatte vera sinnad paa meg. Eg var so rædd, eg skulde faa ris.
     
     
    Eg tokkad meg lenger og lenger ned. Ned ved skidgarden heldt det paa nokre smaae gutar og leikad seg. Og eg gav meg med. Snart kunde eg leika meg, eg og. Daa saag eg, han far kom. Eg freistad aa halda meg roleg. Det fekk no ganga, som det vilde. So tok han meg i armen og sa, eg skulde fylgja, og eg fylgde med strakst. Eg vart reint forbinad. Han var inkje vill. Ho mor tok meg tilsides og spurde, kva eg hadda tenkt paa. So fortalde eg alt saman. Ho gret, daa ho høyrde, eg hadde leset Fadervaaret. So sa ho med han far, at eg skulde inkje faa stryk, fyr det eg, hadde gjort det.
     
     
    Men dagen etter var eg lydug.
     
     
     

    Frå Lesebok fyr born av Andreas Austlid. Bergen: Mons Litleré 1889. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad

     

      Mons Litleré

      Mons Litleré, bokhandlar, forleggjar og redaktør som trass i at han døydde berre 28 år gamal, må reknast som ein av dei mest aktive, framsynte og moderne forleggjarane Noreg har hatt.

      Mons Litleré
      Mons Litleré
      Litleré var fødd i Naustdal 2. februar 1867 og døydde i Hamburg 8. april 1895. Etter ein vinter på Gloppens Amtskole og ein på folkehøgskulen i Sogndal opna han i 1886 Norskmålets bokhandel i Naustdal, men flytta til Bergen med bokhandelen alt året etter. Dit vart han henta av målfolk og venstrefolk frå Nordre Bergenhus Amt for å vere redaktør i Firda- og Sygnafylkets Avis, som gjekk over til landsmål i 1890.
       
      Med Mons Litlerés forlag var han den fremste formidlaren av litteratur på landsmål før 1900. Av dei kring 90 titlane han gav ut, var vel 60 på landsmål og knapt 30 på dansk-norsk. Litleré tok også i kommisjon bøker som var finansierte av andre, i alt 24 titlar – likt fordelte på dei to språka.
       
      Opptakt
      Litleré vart godt kjend med landsmål og litteratur den vinteren han var i Sogndal. Han skjøna at skulle det seljast bøker på landsmål, måtte ein søkje eit nytt publikum. Han skaffa seg restopplag av alt utkomne landsmålsbøker og fór ikring i Sunnfjord og selde. Han gav ut fire bøker frå Naustdal i 1886–87. Det var forteljingar, mellom anna to små samlingar som han omsette sjølv, mellom anna av Bjørnson, Kielland, Lie og Alvilde Prydz (Forteljingar og Fraa Bygd og By. Forteljingar). I tillegg averterte han for sal bøker av Arne Garborg, Jens Tvedt og Henrik Krohn.

      Bokproduksjonen
      Forlagstiltaket var smålåte, men fekk framgang etter kvart. Ved hjelp av stor arbeidsevne og optimisme greidde Litleré å byggje opp eit føretak som fungerte. Framleis måtte han jakte på det potensielle publikummet, og fram til 1892 engasjerte han reisande bokseljarar. Litleré produserte bøker av ulik kvalitet. Han sikra seg snart rimeleg sikre kort som Garborg og Tvedt. Seinare kom også dei yngre Hans Seland og Rasmus Løland. Og han gav ut ei rekkje antologiar med nye forteljingar («Små-stubbar») som delvis kom i nye opplag. Etter kvart produserte han òg lærebøker, særleg i historie (Steinar Schjøtt), rekning (Aamund Salveson) og norsk (Lars Eskeland). Det kom omsette bøker på dansk-norsk (8), landsmål (6) og sognemål (1). Det var mest forteljande prosa, medrekna barnebøker, ein del lyrikk, men òg essayistisk sakprosa. Av Garborg kom både diskusjonsinnlegg på dansk-norsk og det essayistiske pionerverket Kolbotnbrev og andre Skildringar (1890, 2. utg. 1891). Men ulike forfattarar fekk òg sjansen til å prøve seg med meir amatørmessig prosa av skiftande kvalitet.

      Ein nynorsk litteratur
      Men alt i alt er det ingen tvil om at hovudtanken til Litleré heile tida var å utvikle ein allsidig produksjon av prenta skrifter på nynorsk. Trass i vanskar hadde drifta auka mykje. Frå å ha vore åleine om nesten alt sysselsette han sju personar i tillegg til seg sjølv hausten 1894. Han hadde etablert bokbinderi og hadde planar om eige prenteverk, og han hadde til og med planar om å kunne betale ein del av forfattarane ei fast årsløn.
      Johannes Anderssen dreiv forretninga vidare, først med litt bokutgiving, men etter kvart berre ymse papirvarer.

      Frå Idar Stegane: "Mons Litleré", Allkunne.no, sist oppdatert 24.8.2010 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

       
      Tekstar om Mons Litleré
      Olav Nygard: Med eit bilæte av Mons Litlere (dikt, 1923)