Hallvor Lie

    Hallvor Lie (1856-76). Fødd i Fyresdal. Skreiv dikt, dreiv med treskjering og samla segner.

    Gjekk på Kviteseid Seminar 1973-74. Gav saman med broren John Lie ut diktsamlinga Hugaljo (1874). Samlinga kom i nytt opplag i Minneapolis i 1913. I 1925 kom Gaamaalt etti bestemor, ei samling segner og eventyr som han og broren hadde samla. Dikta mange salmar på dansk på sjukesenga.

    Jon Grepstad

    Litt.: Olav Midttun: Menn og Bøker. Oslo: Det Norske Samlaget 1963.