Knud Leem

    (1696-1774). Fødd i Haram. Teolog og målgranskar.

    Cand.theol. 1715. Studerte samisk i Trondheim eit par år og vart 1725 misjonær i Porsanger. Var sokneprest i Alta 1728-34, i Avaldsnes 1734-52. Lærar i samisk med tittelen professor og styrar for Seminarium lapponicum i Trondheim 1752-74. Skreiv vitskaplege pionerarbeid om samisk språk og levevis: En Lappisk Grammatica (1748), En lappesk Nomenclator (1756) og Beskrivelse over Finnmarkens Lapper (1767), som òg kom ut på latin og vart omsett til m.a. engelsk og tysk, og Lexicon Lapponicum bipartitum (2 band, 1768-81, fullført av G. Sandberg). Leem studerte også målføre og skreiv m.a. ned ei stor samling ord, hovudsakleg frå Karmøy-målet. Samlinga vart utgjeven av T. Hannaas i 1923 som Professor Knud Leems Norske Maalsamlinger fraa 1740-aari. JG