Edv. G. Johannessen

    (Minneord, 1922)

    Av Johannes Lavik

    Farne er dei alle no, dei "Bjørgvinsmaalmenn" som av alle bymenner var dei fyrste til aa taka mot norrønamaalet, daa det var atterfunne.Dei tok imot det lenge fyrr "du bonde som so seint deg dreg" vilde kjennast ved det. Deira namn er innskrive allvisst i Vestlandssoga - Henrik Krohn, Georg Grieg, dei tvo brøderne Prahl, Edvard Johannessen, Marius Nygaard, Ole Bull, Hans Mo, Olav Lofthus, Arnfinn Johannessen.

    Det var ikkje berre eit nationalt program dei tok imot. Det var minst det. Det fyrste dei gjorde var aa læra norsken. For han hadde hugen deira. Dei lærde ikkje norrønamaalet paa raam. Dei let seg ikkje lita med ei danisma. Dei gav seg ikkje fyrr dei fann det norske ordelag. Næst etter Ivar Aasen hev der snaudt vore tvo menn som hev kjendt norrøna so til botnar, og aatt ein norsk so fin og rein som Georg Grieg og Edvard Johannessen. Georg Grieg var prentaren av dei fyrste gamallnorske lære- og lesebøker. Men han var nok ikkje berre prentaren, han var og den strenge kjennaren, som retta mistak og fann det rette der andre stod fast. Daa Vinje heldt sine kjende rødor i Bjørgvin, var det i lag med Georg Grieg dei vart uppsette.

    Edvard Johannessen var det som tok imot manuskriptet til maalbøkerne som skulde ut, og han stelte deim i stand til aa verta prenta. Han var leidar, han løyste ut. Naar ein hev vore nøydd til dagarne og aaret gjenom aa lita seg med dagsens bladnorsk og programnorsk, er det ei laug aa finna attende til Griegs Gisle Sursson og til Edv. Johannessens umskrifter fraa framande skaldar. Desse menner fekk med tidi norsken til program. Men so skreiv dei og ein norsk som aatte retten til aa nemnast eit maal.

    Av desse menn som skipa Vestmannalaget og gav sin hug og sitt kjæraste arbeid til aa grunnleggja maalreisingi, gjekk i dette aaret dei tvo siste burt, doktar Prahl, og noko seinare Edvard Johannessen som kom yngst inn og gjekk ut sist.

    Daa Henrik Krohn var flutt fraa byen og nokre aar etter døydde, var det Edvard Johannessen som laut taka merket og sanka fylkingen. Han vart samlingsmerket fyr alt av maalhug som kom til Bjørgvin og fyr dei som budde i Bjørgvin. Han gjorde sin heim til ein møtestad fyr maalmenn og aatte ein sæl givnad til aa skapa trivnad og gjera det hugnadsamt baade heima hjaa seg og i større samkomor og møte. Han var ein mann baade av arbeid og fest. Naar Vestmannalaget under hans førarskap atter og after hev vunne øyra fyr vaare nationale hugmaal, naar det hev skapa rom fyr vaare erveminne baade i arbeid og fest, so er det fyrst og fremst ein so arbeidsglad og festglad førar aa takka. Bjørgvinshaatten turvte ein repræsentant. Og det fekk honom. Spel og dans, segn og song, sed og bunad hev fenge ny nøring, og gjort oss alle rikare.

    Men det arbeid som rakk djupaste og verka mest, vart gjort fyr ein mindre flokk elder heilt tilbakedrege. Det var det store literære arbeid som Edvard Johannessen sjølv hev gjort elder stade fyre. Der gjekk lange aar daa maalreisingi arbeidde gøymt og stillt i grunnen, røtte seg. Dette arbeidet var det Edvard Johannessen gjorde i dei seinare 70-aari og 80-aari, daa den fyrste glod var kolna og det endaa ikkje hadde lukkast aa sanka den nye lyd um saki. Daa var det Johannessen tok kvar fristund og vetter etter vetter langt paa natt ofta til aa setja i form dei skrifter som Vestmannalaget gav ut, tidskrift, forteljingar, skulebøker, umskrifter fraa engelsk, tysk og fransk. Daa byrja han sjølv aa skriva paa desse poetiske verk som han sidan gav ut, verk som dei herlege umskrifter av Goethe, Schiller, av Shakespeare, av Byron, Burns. Daa Vestmannalaget ikkje lenger orka gjeva ut desse arbeid sjølv, kom Boklaget som han var formann fyr medan det arbeidde. Sine eigne arbeid gav han ut paa eigen kostnad, og var der dei av deim som gav noko pengar, so som Schillers Klokka, so kom det Vestmannalaget til goda.

    Han var so fegen fyr alt maalarbeid. Han var ikkje fegen fyr alt maal som var skrive, dertil var hans maaløyra for fint og eg kann vel og segja hans elsk til maalet for var og varm. Han tolde lite aa sjaa det vanbruka, og var ute um seg baade skriftleg og munnleg med rettingar og rettleidingar. Men han hadde stort tolmod og hadde tid aa ofra paa alt maalarbeid. Eg som skriv dette, kann aldri tenkja paa mitt stræv i "Gula Tidend" anna minnet um Edvard Johannessen fylgjer med. Han raadde meg hjarteleg ifraa aa taka til. Han hadde røynsla fyr kva ein kunde venta seg og hadde vel betre fyrekjensla av framtidi. Men sidan eg fyrst tok til kom han lenge mesta kvar dag bladet skulde ut og saag kor til stod. Han skreiv slike stykke som gav bladet finare daam og mildare tone, han tala med meg um aldri so mykje av norsk ordleiding og maalhaatt.

    Maalreisingi hev endaa mange nedfall aa ganga gjenom. Mange vil faa vonbrot endaa. Men den fyrste kulderid som maalreisingi fekk, stridde Johannnessen gjenom traust og tegjande. Han var lik siglaren som møter motkaven og fær vera fegen han fær berga seg attum neset og bida. I lange aar skoda han faafengt etter nye voner. Krohn døydde, og Georg Grieg lagde aarane inn, misnøgd med den fordansking dei gav norsken, sjølve Ivar Aasen kunde vandt med det maal dei skreiv, ervingarne skulde vera.

    Men han kunde ikkje gjeva upp. Eg held det fyr ein merkedag i mit liv, den dagen daa Edvard Johannessen, i fyrstningi av 90-aari, kom inn til meg paa "Bergens Tidende" og spurde um eg vilde vera med paa aa taka Vestmannalaget, dess ytre verksemd, uppatt. Han var no so yverlag var. Men det gjekk ein heppen blink yver augo hans, daa han øygna den nye von. Det munde hava vore eit kjært arbeid. Og sæl var han av det. Han tok alle raad i beste meining og vog deim, og sjølv aatte han eit heppe initiativ. Der var ein ting han ikkje dugde til, og det var strid. Dugde gjorde han nok, kann henda. Dersom han hadde nytta sin givnad, for han kunde gjeva grunnskot med eit lite ord og ein smil som, kor godsleg han so var, like væl synte deg at han saag all igjenom deg. Men han var usæl ved strid. Han veik helst undan. Men vart striden førd - og der vart mykje strid - stod han fast. Han var den traustaste styd naar det røynde paa, alt um han der traude sjølv gjekk i brodden. 

    Edvard Johannesen vart ikkje maalmann ut fraa nationalt stræv elder medviten norskdom, elder fraa sogelesnad.

    Han spurde meg eingong um eg hadde hug aa vita kor han vart maalmann. Me hadde arbeidt saman mange aar daa, og han visste kor me møttest i hugen til aa naa fram til einfeld rein norsk, som dei tala honom dei som ikkje sjølv visste um det. Soga høyrest vel ikkje storfelt fyr dei fleste.

    Det gjekk so til at han var paa ei liti sumarferd - det var visst med fader sin - daa han endaa var umage. Dei var paa ein gard i Hardanger. Mannen paa garden hadde vore i lag einkvarstaden, der hadde det vore frikostigt gjestabod og mannen var ikkje ædrug. Guten kom til aa høyra paa daa kona tok imot honom - det var ute, sumardagen, og det leid langt paa fyremiddagen daa han kom. Ho fekk no vita daa kor det hadde gjenge til, og dei gjorde saki av seg imillom. Um eg ikkje misminnest slutta det med at ho talde honom til aa ganga og leggja seg.

    Men ho ordlagde seg paa ein maate som guten aldri hadde høyrt maken til. Det var so vislegt og einfelt, men endaa so djuplagt og trygt at han tok til aa undrast paa kor det kunde hava seg. No hev ho vel og attaat havt ei ven røyst. Ho var og vyrk fyr mannen sin at dei framande ikkje skulde tru dette var noko vanlegt hende. Men denne samrøda hadde fanga hugen hans, og han tok til aa lyda og sidan til aa læra seg maalet. Den gongen visste ikkje han um maalrørsla. Han var vorten maalmann fyrr han visste det. Det er hjaa slike maalhugen kann vara. Det er kjensla. Men denne soga syner og korleis hans haatt var. Han var kjenslemann og kunstnar. Han naadde og den finaste maalføring, paa eingong einfeld og djuplagd. Han tolde korkje graastein eller knot. Han kom til aa faa sitt livsyrkje - sitt livebraud iminsto, i handelen. Og det vanta honom korkje dugleik elder trott der. Men av gaavor var han granskar og maalmeistar. Sjølvstendig maalgransking laag til Bergensmennerne - Nygaard, Prahlarne, ogso Krohn, men dei som naadde djupast i maalkunna var nok Georg Grieg og Edvard G. Johannessen.

    Ung byrja han. I yver 50 aar livde han med i maalarbeidet. Han var med fyrdi han ikkje kunde anna, fyrdi det var hans kjensla. Han var so einfeld. Han kjem til aa minnast millom dei milde maalmenn som vann ved gjæva og godtokke. Ervet etter honom er ikkje berre det arbeid han hev lagt ned, men ogso det adelskap han lagde yver maalsaki. Dei som hev arbeidt saman med honom hev vorte rikare, fjaagare, dei hev lært tolugt mod.

    Bjørgvin og me alle hev stort aa minnast Edvard Johannessen fyr, utanfyre maalstrævet og. Soleis Bergens myrdyrkningsforening og Nordnesparken.

    Men det som me minnast størst, det som han gav djupaste hug og ofra mest, det er maalreisingi.

    Edvard Johannessen var fødd i Bjørgvin 28. mai 1848. Ætti er fraa Havslo i Sogn. Han kom ung inn i Sundts forretning og der vart han all sin dag, den lengste tid som kontorchef elder fyrste mann etter sjølve chefen.

    Han let etter seg kona og 4 born. Faa menn hev vunne skapa seg ein so lukkeleg heim. For heimen hadde no hans fyrste umsut og kjærleik.

    Han døydde 17. juni 1922.

     


    Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

     

     

     

      Johannes Lavik

      Johannes Lavik, jurist og redaktør, var gjennom avisa Dagen ein sentral opinionsdannar for lekmannsrørsla på Vestlandet i mellomkrigstida.

      Johannes Lavik
      Johannes Lavik

      Johannes Lavik var fødd 11. september 1883 i Kvinnherad og døydde 29. september 1952 i Bergen. Han var son til Andreas Lavik, ein av dei fremste leiarane innanfor den kristne lekmannsrørsla på Vestlandet. Etter å ha utdanna seg som cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1913 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig 1913–14 og sekretær i Kristeleg Pressekontor i Oslo 1915–18. I 1919 vart han redaktør for den nyetablerte avisa Dagen i Bergen, som han leidde gjennom ein mannsalder, til 1952.

      Lavik arbeidde Dagen fram til å verte ei av dei leiande kristelege avisene i landet. Han var ein omtykt foredragshaldar og publiserte ei rekkje skrifter der han tok opp ulike spørsmål knytte til kristendom og samfunnsliv. Mange av tankane sine har han oppsummert i Spenningen i norsk kirkeliv – kirkehistoriske konturtegninger (1946). Lavik skreiv på bokmål.

      Frå "Johannes Lavik", Allkunne.no, sist oppdatert 25.4.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.