Bolette Christine Pavels Larsen

    Bolette Christine Pavels Larsen, kritikar, forfattar og omsetjar. Ho var ein sentral litterær aktør frå 1880-åra og til like over hundreårsskiftet.

    Bolette Christine Pavels Larsen
    Bolette Larsen
    Larsen var fødd i Sogndal 18. oktober 1847 og døydde i Bergen 8. desember 1904. Ho fekk opplæring i morsmål av onkelen Gerhard Munthe på morsgarden i Kroken, men hadde inga formell utdanning. Ho flytte frå Sogn som 17-åring, var ei tid hos ei syster i Nord-Noreg og kom så til Bergen, der ho gifte seg med seinare bankfullmektig Ole J. Larsen i 1874.
     
    Larsen melde norske og nordiske bøker i Bergens Tidende frå 1884. Ho var av embetsfolk, men snakka sognemål like godt som dansk-norsk. Som fleire nordiske diktarar i samtida skreiv ho forteljingar på sognedialekt Smaoe Skjeldringa (1897), og ho sette om forteljingar av skåningen Henrik Wranér frå dialekten hans til sognemål Staaveprat (1888). Fleire forteljingar kom på dansk-norsk Små Skildringer i 1897, Kløver og Klungeri 1902, og i tillegg fleire omsetjingar. Ho hadde god kontakt med nordiske forfattarar som Arne og Hulda Garborg, Herman Bang, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Werner von Heidenstam og Hans Seland.
     
    Larsen var ein viktig kulturperson i Bergen og på Vestlandet. Ho la vekt på å omtale den nynorske litteraturen og var ein viktig alliert for Mons Litlerés forlag. Ho var aktiv i Vestmannalaget, med opplesing på målmarknader og ved arrangering av spelemannsstemne, og ho hadde ei hand med i den gryande ungdomslagsrørsla.
     

    Frå Idar Stegane: "Bolette Christine Pavels Larsen", Allkunne.no, sist oppdatert 25.4.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

    Biografi av Anton Aure (1916)
    Nettressursar:
    To digitale forteljingar om Bolette Pavels Larsen, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane