Til Georg Grieg

    (Dikt, 1867)

    [Opningsdiktet i Smaakvæde]

    Av Henrik Krohn

    Eg minnest tidt dan fyrste Gong eg kom
    at helsa paa deg i ditt stilla Rom.
    Du sat og las i gilde Konungsspegel,
    og attved laag dan Saga um han Egil.

    "Fyr deg, som millom Bondaborn er alen
    og van at bruka rette, norske Talen,
    dat Maal, som Gud paa Fedra Tunga lagde,
    maa vera lett at lesa," so du sagde.

    So synte du paa Boki fram paa Bord.
    Eg tykte dat var undarlege Ord,
    men tok til lesa; næstan kjøvd av Graat
    eg kjendest glad ved heimelege Laat.

    Du lærde meg paa Saga Augat festa,
    - næst Livsens Bok, fyr Nordmenner dat besta -
    du hjelpte meg at Fotafeste finna,
    so at paa heimleg Grunn eg kunde vinna.

    Din Kjærleik til dei Gamle fyrst dat var,
    som leidde meg i retta Fotafar.
    Eg difyr byrjar litla Versa-Rad
    med Takk aat deg i dette fyrsta Kvad.


    Frå Smaakvæde av Henrik Krohn. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Gjertsen. 1867. Elektronisk utgåva 2003 ved Jon Grepstad


     

      Yver Skardet

      (Reiseskildring, 1868)

      Etter kvart som me komo frametter Kaldedalen, vardt han meir og meir forvitneleg: blaagrøne joklar valt ut yver baade bergtrømer, fraa storbreden paa høgre sida og fraa ein mindre brede paa vinstre. Sidstpaa gingo me i berre snjo, som fylde heile dalsbotnen. Dalen var her so trong, at det var avsølt til langt upp aa nørdre fjellsida, og ei skjerande kaldsno stod det imot oss.

      Men daa me so komo uppihøgste skardet, gløymde me snart vaas og møda. Der laag framfyre oss heile den tronge Suphellebreden paa høgre sida, med dei alpeformade Fjerlandsfjelli og bygdi og fjorden lengst ute, med det store snjokravet kringum paa alle kantar, med digre fjell stigande uppor liksom ryggen elder hovudet av symjande udyr, og altsaman i det mest glitrande ljos av ettermiddagssoli.

      Etter at me hadde snutt oss i tunn fleire vendor og set oss mette paa den kostelege landskapen, leitade me oss ein væn kvilestad i ei liti saftgrøn og logn skor paa vinstre fjellsida. Her i det fraudige fjellgraset var det fulla godt aa kvila attpaa den mødesame gonga i snjo og kaldsno.

      Me kunde ikkje sjaa langt fram fyre oss, korleides breden var skapt, men fyrste stykket var ikkje ovbratt, og difyre lagde han Eirik, vegvisaren vaar, i vegen, springande, med di han vilde taka tilsprang til aa skrida nedetter breden, so som han hadde voret van aa gjera paa sine tidlegare ferder. Me andre lagde oss til aa gjera so som han, og me hadde alt sprunget nokre stig, huande lik andre smaagutar, daa me fingo sjaa honom Eirik midt i floget sitt med eitt kasta seg attlenges, snu segliksom katten i skinnet og triva seg tak med hender og føter so godt han kunde i snjoen. Me stadnade so snøgt, som me vaaro gode til, medan Eirik, som heppelege nog hadde fenget stadga seg i framskotet, kom kravlande uppetter paa alle fjore det snøggaste han vann, med otten maalad i kvart andlitsdrag. "Detta var Gud aa takka, at det ikkje gjekk verre", sagde han, daa han hadde naatt upp til oss, "so bratt heve breden aldri voret i mi tid".

      Daa me komo utpaa, fingo me sjaa, at det bar so stupende bratt ned her, at ein fulla laut vera fjellvan til ikkje aa svimra, naar ein saag fram. Du skal vita, at alt det me hadde stiget upp i dei tvo dagarne, det gjekk no ned her med ein gong; for Suphelledalføret, som var nedunder, er godt som flatt herifraa breden og til fjorden. Det er no vel meir en 2000 fot upp i skardet, og um ikkje breden var, vilde her visst i alle tilfelle vera uframkjømt. "Me faa freista etter vinstre tromen innaat fjellveggen", meinte Eirik. Han so i fyrevegen og me baketter meir krjupande en gangande. Millom breden og fjellveggen var det som vanlegt eit opet rom. Men det var ei undarleg framferd, kann du tru. Me gingo paa lag som sotaren i skorsteinen, med vinstre fot og hand i berget og høgre i breden, som me luto støyta hol i fyre kvart stig. Hadde ikkje dette romet voret, som soli hadde brædt millom breden og fjellveggen, so hadde det voret umogelegt aa koma fram. Det var kalde tak, som me luto taka med høgre handi, men elles leitade det so hardt paa, at sveiten flaumade, for soli skein daa beint i skardet, og ikkje var det nokor kvild i aa standa still helder. Endeleg kom me ned etter lang møda. Og daa smakade det hardla godt aa faa sitja hernede og kvila seg paa ein stor stein, som laag upp aa breden.

      Me sat just der breden fraa skardet flyt isaman med Vetlebreden, som kjem veltande som ei storknad elv ovan or eit skard fraa Storbreden. Vetlebreden er ikkje med dei største utflaumingar fraa Jostedalsbreden, men han er hardla forvitneleg aa sitja innmed, baade av di han i seg sjølv er so bratt og høg og vill, og av di landslaget kringum heile denne tronge dalsbotnen er so merkelegt. Det er fulla møda verdt aa ferdast, naar ein kann sjaa slikt. Fyrst er det no det undarlege, forrivne skardet fylt med kvite snjobreden, der me komo ifraa; so er det dei stupbratte, høge og kvasstindutte fjelli paa baade sidor, med blaabredar veltande ut or kvart skard øvst i, men med saftgrøne skorer nedetter, der fine, smaae bjørker med kvitnævrutte leggjer hava fest rot og luta seg med si blakrande kruna utyver svarte fjellveggen; so er det dei smaae leikande bekkjer, som hanga lik sylvband paa ei breid bringa; so er det den fossande elvi, som kjem bullande fram undan breden; so er det dei store sandhaugar og steinrøyser (morainer), som den framveltande isen hev skotet ut og lagt ifraa seg nedetter dalamidet. Ja altsaman er fulla vel lagat til aa gjera deg bisnefus, so du heve heilt ilt fyre aa risa upp og slita deg laus fraa slik storvoren fagerleike.

      Um einkvar av deim, som lesa detta, skulde vilja gjera denne ferdi, som er vel verd umaken, daa vil eg raada honom til aa hava tog med seg. Med ein god førar, god fjellstav og tog kann den, som er nokorlunde fotfim, hugheil leggja i vegen. Serlege kunde tog koma til nyttes her nedst paa breden, for det er ikkje so sjeldan, at det her og kvar berre ligg ei tunn skinna med snjo yver store hol og sprungor, som vatnet heve holat ut. Eg talad seinare med ein kjenning, som hadde voret stygt nog ute hernede. Han kjende, best som han gjekk, at det liksom gav seg under føterne hans, og det var nett so myket han hadde fenget skvetta aat sida, daa det brast, og snjo rapad ned, der han just hadde stadet augnablinken fyreaat. Daa han bøygde seg ut yver tromen og skulde skoda ned i sprunga, var det so djupt, at han ingen botn saag. Naar ein skulde vera so uheppen aa fara ned i slike sprungor, vilde det mest vera vonlaust aa berga livet. Dei fleste vilde vel ikkje vera so hepne aa møta eit feste i flugti, so som den Nordfjordingen, som nokre aar sidan midt upp aa Jostedalsbreden foor ned i avdjupet, daa han skulde ganga yver fraa Jostedalen og til Stryn. Han var so framifraa heppen aa koma sitjande paa ei liti smal spong, som stod ut fraa isveggen ned i sprunga, ikkje lenger nede, en at felagen hans kunde ropa ned til honom og faa svar atter, at han var med liv og sat nog so godt. Han kunde likavel ikkje sjaa honom, langt mindre hjelpa honom upp atter utan toggreidor, og der laut armingen verda sitjande den dagen og natti med, medan felagen hans laut fara fraa honom og til bygdar etter hjelp. Det var ikke fjelgt herbyrge maa tru. Han hadde fulla nistebumba paa ryggen, men han sat so naudt, at det var livhætta med aa røyva seg. Men hunger er hardt sverd i heil mage, helst naar matburet ikkje er ei halv aln fraa munnen, og sidstpaa tok svolten honom so, at han laut freista med aa faa bumba av ryggen. Det gjekk vel, og daa likade han seg endaa ikkje so illa, der han sat med nistebumba i fanget sitt. Han aat baade godt og jamt, men han hadde no ikkje annat livja seg upp med i sitt einvære maa vita. Han tykte likavel det var ei fagna stund, daa han dagen etter høyrde mannamaal uppyver hovudet sitt, og daa læste han atter bumba si, batt so det nedsekte toget um livet, og upp i dagen kom han lika heil og uskadd som han foor ned, berre med den skilnad, at nista var flutt fraa ryggen og ned i magen hans. Men slike uheppor kann ein hytta seg fyre, naar ein gjeng fleire i lag med tog um livet, for um den eine daa fer igjenom, so held dei andre atter, og det vil ikkje vera ovtungt fyre deim aa gjera detta helder, med di ein alltid vil hava tromen aa triva seg i, so at ein ikkje fell ned med si heile tyngd; men difyre maa toget mannamillom ogso helst vera nokorlunde strakt.

       


      Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania , 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad

        Arnfinn paa Kjellaren - utdrag

        (Visa, 1869)

        Av Henrik Kroh


        Arnfinn Johannessen. Foto: Brødr. Larm, Bergen

        Eg kjenner eit Hid under Mold under Stein
        dar aldri ein einaste Solstraale skein.
        Men likavel glad ned i Holet eg foor
        til Bamsen som helder seg dar under Jord
        og kallar seg Arnfinn paa Kjellaren.

        Dar gjeng han no sjølv med sitt ovlange Skjegg
        med Fotslag i Golv, so dat rister i Vegg;
        Han jamnaste er nokso vinleg og blid,
        men stundom han knurrar som Bjørnen i Hid
        ja dat gjer' han Arnfinn paa Kjellaren.

        Dat ser og i Hidet hans skræmelegt ut
        med ovstore Steinar og Byrsor og Krut
        Men ver inkje rædd yver alt kvat du ser,
        han korkje deg skyt eller sting eller slær,
        dan knurrande Arnfinn paa Kjellaren.

        Dat einaste var, um ei norsklyndt du er,
        daa trur eg d'er best, at du uppatter fer.
        For alt han 'kje slær elder skyt deg med Krut,
        eg tvilar han hjartelegt skjemmer deg ut,
        dan norsklyndte Arnfinn paa Kjellaren.

        Men elskar so sant du ditt Folk og ditt Land,
        han byd deg paa Timen si trufaste Hand,
        og er du rett Maalmann, so skal du faa sjaa,
        du fær deg ein Vin, som du lita kann paa
        i Sogningen Arnfinn paa Kjellaren.

        Her Byfolk og Bønder fraa Aust og fraa Vest,
        Studentar som lesa til Fut elder Prest
        og smilande Gjentor so raudleit' og blid',
        dei samnast darnede i Bamsen sitt Hid
        hjaa karslege Arnfinn paa Kjellaren.

        So tidt naar i Hug eg var kald elder harm,
        darnede eg vardt baade godlyndt og varm,
        for jamnaste dar eg eit Vinalag fann,
        som hadde beint same Slag Hjarta som han,
        dan hugstøde Arnfinn paa Kjellaren.

        Eg høyrde meg glad paa dei sprakande Ord,
        som fljott millom landsfødde Gutarne foor,
        eg lydde paa Tale, eg lydde paa Song
        og gløymde min Hugverk so mangein god Gong
        i Laget hjaa Arnfinn paa Kjellaren.

        Red.merk.: "Arnfinn paa Kjellaren" var Arnfinn Johannessen, sogning, Vestmann, songmeister og med kjellarhandel i Strandgata. "Kjellaren hans var eit maalmanns-bøle reint," skriv Torleiv Hannaas. Mange vanka der, og både Ivar Aasen og A.O. Vinje såg innom. Han døydde i 1917. Heile visa finst i Dølen VI (1869) nr. 48.

         


        Frå Torleiv Hannaas: Vestmannalaget i femti aar. Bergen: Kr. Madsens bokhandel 1918. Fotografiet er henta same stad. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


          Henrik Krohn

          Henrik Krohn, gründer. Han tok initiativet til det første organiserte mållaget i landet, Vestmannalaget

          Henrik Krohn
          Henrik Krohn
          Krohn var fødd i Bergen 10. mai 1826 og døydde 14. juni 1879. Han var handelsmann i Bergen til 1858. Frå då av dreiv han fruktgarden Stedje i Sogndal, der han også etablerte ein fyrstikkfabrikk.
           
          I 1865 skipa han bladet Ferdamannen og redigerte dette bladet til det gjekk inn i 1868. 21. januar 1868 var han med og skipa Vestmannalaget i Bergen, der han sjølv var formann 1868–73. Laget gav ut bladet Fraa By og Bygd 1870–79, og Krohn var redaktør til 1875.
           
          I bokform debuterte han med Smaakvæde (1867) og gav seinare ut nokre bøker til. Ei liti Ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868) er blitt ein klassikar. Til samleverket Skrifter (1909) skreiv Kristofer Janson forordet.
           
          Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.