Jakob Nilsson Kobberstad

    Jakob Nilsson Kobberstad, lærar, skulebokforfattar og tonesetjar. Han laga notetillegget til Ivar Aasens Symra i 1875 og tonesette sjølv seks av songane.

    Kobberstad var fødd i Breim i Nordfjord 17. januar.1840 og døydde på Stord 12. juni 1919. Han tok lærareksamen på Stord i 1859, var først huslærar, så lærar frå 1861 i Volda ved Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere og så ved Asker Seminar frå 1874. Han slo seg deretter ned i Kristiania, var overlærar i folkeskulen første halvdel av 1880-åra og seinare lærar på ymse folkehøgskular, amtsskular og framhaldsskular.

    I Volda gav Kobberstad 1869–73 ut bladet Møringen. Han gav ut lærebøker og songbøker, Nornen. Norsk Sangbog for Gammel og Ung (1872), Musiklære for folkeskolen (1979), Norsk læsebog (1881, saman med Erik K. Thuland), Elementær musiklære (1881), Katekismus-abc for skolen og hjemmet (1884) og fleire. Han skreiv òg på ei verdshistorie på landsmål, men rakk ikkje fullføre arbeidet.

    Kobberstad skreiv i Dølen og i Ferdamannen og var medlem av Vestmannalaget. Alt i 1860-åra hadde han brevkontakt med Ivar Aasen, og etter at Kobberstad flytta austover, møttest dei jamt. I mai 1875 gav Aasen ut tredje utgåva av Symra, med eit notetillegg ved Kobberstad, gjennomsett av Joh. D. Behrens. Kobberstad sette sjølv tone til seks av dikta, «Vaardagen», «Haustvisa», «Saknad», «Det einlege Standet», « Tolugt Mod» og «Fals og Fusk». Han hadde også laga melodiar til andre Symra-dikt, men brukte dei ikkje i notetillegget.

    Frå Jon Grepstad: "Jakob Kobberstad", Allkunne.no, sist oppdatert 25.8.2014 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.