Rønnaug Kleiva

    Rønnaug Kleiva, forfattar, lyrikar og dramatikar som har hausta strålande kritikkar for stilrein og konsekvent litteratur.

    Rønnaug Kleiva
    Rønnaug Kleiva
    Rønnaug Kleiva er fødd 30. november 1951 i tidlegare Vartdal kommune på Sunnmøre. Ho er cand.mag. og har arbeidd i 15 år i skuleverket. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Animasjon i 1985 og kom året etter med ei samling prosatekster, Å fø fram ein kalv over vinteren. I 1988 kom den første barneboka hennar, Fuglane kor dei flyg
     
    Ho har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartement sin pris for Ikkje gløym å klappe katten som beste barne- og ungdomsbok i 1997. Bøkene hennar er omsette til åtte språk.
     
    Odd W. Surén


    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Rønnaug Kleiva var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2010.

     


    Litteratursøk
    BIBSYS: Artiklar om Rønnaug Kleiva
    Bibliografi over norsk litteraturforsking: Bøker og andre skrifter om Rønnaug Kleiva
    Norske tidsskriftartiklar: Artiklar om Rønnaug Kleiva

    Nettstader
    Rønnaug Kleiva si heimeside