John Klæbo

    John Klæbo, lærar, lyrikar og skribent. Han var ein nordnorsk bondestudent som tidleg blei målmann, ein av «dei unge døde» i målrørsla.

    John Klæbo
    Jogn Klæbo
    Klæbo var fødd på garden Glein på Dønna 15. september 1839 og døydde i Utne 29. august 1874. Han var utdanna lærar frå seminaret i Tromsø i 1861. Etter eit par år som privatlærar i Lyngen kom han i 1863 til Haugerud skole i Vestre Aker. Han tok examen artium i 1864 og examen philosophicum i 1865. Same året blei han lærar ved Aars og Voss skole i Kristiania.
     
    Klæbo var djupt religiøs, og han var oppteken av litteratur, filosofi og historie. Som fleire nordlandske bondestudentar engasjerte han seg i målrørsla, mellom anna i miljøet kring tidsskriftet Svein Urædd.
     
    Klæbo fekk tuberkulose, og i 1871 flytta han for helsa si skuld til Hardanger, der han døydde tre år seinare.
     
    Dei mest kjende litterære arbeida hans er folkelivsskildringar frå Nordland, til dømes diktet Ho mor fær Lofotfolket sitt heim og forteljinga Ho Dun-Sesel. Klæbo skreiv òg den første biografien om A.O. Vinje.
     
    Frå Anders Aschim: "John Klæbo", Allkunne.no, sist oppdatert 28.8.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.