Lars Kinsarvik

    Lars Trondsson Kinsarvik, treskjerar, skribent og spelemann. Han fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst og husflid utvikla seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

    Lars Kinsarvik
    Lars Kinsarvik
    Lars Kinsarvik var fødd i Kinsarvik (no Ullensvang) 8. september 1846 og døydde same staden 21. juni 1925. Far hans var ein kjend rosemålar, og Kinsarvik fekk gå i lære både i Stavanger og Bergen, mellom anna var han ei tid elev hos kunstmålaren Anders Askevold. Kinsarvik dreiv sidan med kunstmåling, men først og fremst etablerte han seg som treskjerar.
     
    I 1870-åra tok Kinsarvik til å undervise i treskurd og husflid, og han skapte ein ny giv for treskjeringskunsten over heile landet. I åra 1905–17 budde han på Sunnmøre, der han også tok imot elevar. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi. I 1890-åra tok han til å fargeleggje skurden, og han utvikla eit særeige mønster med mykje grønt og blått. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover. Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han statsstipendiat.
     
    Kinsarvik var ein sentral figur i norskdomsmiljøet og dreiv både som foredragshaldar og som nynorskjournalist. Han skreiv dikt og prosa i lokalavisene og gav ei tid ut målbladet Maaltrosten. Han var også ein ivrig felespelar og framståande utøvar av norsk folkemusikk.
     
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.