Henrik Kaarstad

    Henrik Johannes Kaarstad, rektor, lokalpolitikar og lekmannprofil. Han skipa lærarskulen i Volda, skreiv lærebøker i kristendom og sat i bladstyret for oppbyggingsbladet Stille stunder.

    Henrik Kaarstad
    Henrik Kaarstad

    Henrik Kaarstad var fødd i Innvik i Nordfjord 12. august 1885, voks opp på garden Kårstad i Utvik i Nordfjord og døydde i Volda 13. desember 1927. Han gjekk amtsskulen i Gloppen, og etter lærareksamen på Stord i 1884 reiste han til Volda og vart i 1886 styrar av Voldens høiere Almueskole. 

    I Volda lærde han seg landsmål hos Per Riste, som i 1879 hadde starta ein kveldsskule for å spreie norskdomstankane. Allmugeskulen vart lagd ned i 1892, og Kaarstad drog til Finnmark som lærar og klokkar i Talvik. 

    Året etter vende han tilbake til Volda og starta eit eitt-årig førebuingskurs for den lågare lærarprøva. I 1895 skipa han så saman med cand.real. Samuel Aage Stabell den to-årige private lærarskulen i Volda, Voldens Privatseminarium, som seinare vart Voldens private lærarskule og så Volda Lærarskule. 

    Fram til 1908 styrde dei skulen saman. Då løyste Kaarstad Stabell ut og vart styrar og eigar aleine. Han hadde stor arbeidskraft og var ein dugande administrator. I 1922 vart den nye skulebygningen innvigd, i dag kalla Henrik Kaarstad-huset, og lærarskulen vart dermed den største i landet. To år seinare, i 1924, selde Kaarstad skulen til staten og heldt fram som konstituert rektor. Skulen fekk no namnet Volda offentlege Lærarskule. 

    Kaarstad var ein «vestlandslærar», og lærarskulen i Volda vart ein skule for nye generasjonar av «vestlandslærarar», lærarar som var småbrukarsøner frå Nordvestlandet, fekk si utdanning på Stord eller i Volda, var opptekne av kristendom, norskdom og fråhaldssak, og høyrde heime i Venstre. Ofte fekk dei seg ein lærarpost der eit småbruk høyrde med. 

    Kaarstad var ei drivande kraft i målarbeid, kristent arbeid og kommunalt arbeid. Han var ordførar i Volda, skulestyreformann og hadde òg andre verv. Han sat i bladstyret for det kristelege oppbyggingsbladet Stille stunder frå 1908 til han døydde, hadde verv i indremisjonen og Kinamisjonen, og var ein mykje brukt predikant og talar. 1922–27 var han medlem av den parlamentariske skulekommisjonen, som la grunnlaget for ei omfattande skulelovgjeving i 1930-åra og sette sitt preg på heile det allmenndannande skuleverket. 

    Opphavleg hadde Kaarstad tenkt å bli teolog. Han vart lærarutdannar og ein lekmannsprofil på Vestlandet. Han skreiv fleire lærebøker i kristendom og metodikk, mellom anna Katekisme-upplæringi for skule og heim (1913), Romarbrevet – Kap 1–8 – for lærarskulen (1913), Um upplæring og uppseding i folkeskulen (1915) og Kristenlæra for lærarskulen (1925). Han redigerte òg dei religiøse oppbyggingsbøkene Vangiljebok – Ordet um krossen (1907) og Or livsens vatn (saman med Gudleik Kalsnes 1908).

    Jon Grepstad

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no