Graaten

    (Dikt, 1867)

    Av Kristofer Janson

    Naar Regnet kjem yver turkad Mark,
    daa brydder dat Blom og Straa,
    daa kann ho lysa med tvilfaldt Skin,
    naar Soli kjem atter paa.

    Naar Graaten kjem yver Hjartat turt,
    daa brydder dat Bøn og Song,
    daa kann dat takka med tvifald Fred,
    naar Lukka lyser ein Gong.


    Frå Norske Dikt av Christopher Janson. Bjørgvin. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad