Lars Jaastad

    Lars Jaastad, lærar, forfattar og lokalpolitikar. Han debuterte 20 år gamal på eige forlag og skreiv om sosiale skilje og sosiale brytingar ved ein vestlandsfjord.

    Lars Jaastad
    Lars Jaastad

    Lars Jaastad var fødd 5. mars 1871 i Ullensvang og døydde 8. juni 1926 i Leirfjord i Nordland. Han gjekk på Granvin framhaldsskule og Ullensvang folkehøgskule og tok lærareksamen i Elverum i 1895. Deretter var han lærar i Bjerkreim. Frå 1898 til han døydde, var han lærar i Leirfjord på Helgeland. Der var han med i styre og stell og var ordførar 1920–26.

    Jaastad gav ut skodespel, romanar, dikt og barnebøker. Den første boka, Landsungdom. Ei forteljing, kom ut på eige forlag på Voss alt i 1891. I 1897 kom diktsamlinga Til fjells på Unge Skuds Forlag, i 1903 forteljinga Gyrid Vaag, utgitt av Unglydens bokhandel, og i 1904 spelstykket Langframande, skrive for amatørteater under løyndenamnet Leo.

    Mellom dei viktigaste bøkene i forfattarskapen er Husmann og bonde (1911), Linde og Røynsnes (1912), Dagleg braud (1915), Naalauga (1920) og Tre tun (1922). Desse bøkene kom ut på Olaf Norlis Forlag. Her skildrar han livet i ein vestlandsfjord og brytingane mellom gamalt og nytt i bygdesamfunnet. Han var den første husmannsfødde forfattaren etter A.O. Vinje og hadde eit skarpt auge for sosiale roller og sosiale skilje.

    Nordfrå henta han emne til forteljingane Torvald Veidemann fraa Nordland (1913), Jakob Seisunde (1921), Utnesstova (1923) og Nedgangsskulen (1924).

    Han var ein kresen språkkunstnar som bygde på sitt eige målføre og ein høgt utvikla lokal forteljetradisjon.

    Frå Jon Grepstad: "Lars Jaastad", Allkunne.no, sist oppdatert 21.5.2012 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.