Olav Høyem

    Olav Jakobsson Høyem, lærar frå Byneset som gav ut skulebøker i si eiga landsmålsform. Han kjempa for eit skriftspråk som låg nær talemålet i Trøndelag.

    Olav Høyem
    Olav Høyem
    Høyem var fødd på Byneset ved Trondheim 5. september 1830 og døydde 13. februar 1899. Etter lærareksamen frå Klæbu seminar i 1850 arbeidde han som lærar og telegrafist både i Trondheim og Kristiansund, til han i 1864 vart tilsett som setelkontrollør ved Noregs Bank i Trondheim.
     
    Høyem var ein ihuga opplysingsmann som ville gjere både verdslege og religiøse emne lettare tilgjengelege for folk. Difor skreiv han mykje i avisene, engasjerte seg for folkehøgskulane og venstrepolitikk og gav ut fleire bøker. Høyem syntest Aasen-målet var for stivt, og han la tekstene sine nærmare den daglege dialektbruken i Trøndelag og på Austlandet.
     
    Dei viktigaste bøkene hans er Barn-lærddomen eller den litle katekjesen(1873) og Den helige saga og kjørkjesaga(1881), Høyem skreiv også bøker som Bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt (1876) og Tysk gjort let ved norsk bygdamål og landsmål (1889). 
     
    Frå Per Halse : "Olav Høyem", Allkunne.no, sist oppdatert 22.3.2017 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.