Ragnar Hovland

    Ragnar Hovland, forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman.

    Ragnar Hovland
    Ragnar Hovland
    Ragnar Hovland er fødd 15. april 1952 i Bergen og flytte mellom fleire stader på Vestlandet i løpet av barndomen og ungdomen. Han er cand.philol. med fransk hovudfag frå Universitetet i Bergen. No er han busett i Oslo.
     
    Hovland har ein stor og variert forfattarskap bak seg, som tel vel førti titlar, i tillegg til om lag femti omsetjingar. Han debuterte i 1979 med romanenAlltid fleire dagar. Seinare har det kome noveller, kortprosa, dikt, barnebøker, ungdomsbøker, essays, sakprosa – dels saman med andre forfattarar – og skodespel, i tillegg til ei rekkje romanar. Hovlands signatur er også å finne i spalta Innsida i Dag og Tid frå 2001.
     
    Hovland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, mellom anna Brageprisen i 1992 for Ein motorsykkel i natta, Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris i 2001 for Ei vinterreise, Norsk litteraturkritikerlags barnepris i 2006 for romanen Fredlaus, Doblougprisen i 2008 og Bastianprisen same året for nyomsetjinga av Georgs magiske medisin av Roald Dahl. Han var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 1997 og under De litterære festspillene i Bergen i 2008.
     
    Hovland er også omsetjar av fransk, tysk, engelsk og svensk litteratur. Han er hovudkonsulent for skjønnlitteratur på Det Norske Samlaget og med i bandet «Dei nye kapellanane», der han syng og spelar keyboard.
     
    Marta Norheim
     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
     
    Ragnar Hovland var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1997.