Anders Hovden

    Anders Hovden, prest, diktar og folketalar. Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han, som heile livet levde etter mottoet «Ver aldri redd i ærleg strid!»

    Anders Hovden
    Anders Hovden
    Hovden var fødd i Hovdebygda i Ørsta 13. april 1860 og døydde i Oslo 26. november 1943. Han var odelsgut til «den magre gard», småbruket der foreldra streva for levemåten. Faren var i tillegg fiskar ute på Sunnmørshavet, og havet, stormen og fiskaren vart viktige omgrep for Hovden, både i livet og i diktinga. Han skreiv i mange ulike sjangrar, og gav ut om lag førti bøker.
     
    Han utdanna seg til prest i Kristiania, og var prest på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. Saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen stod han bak Nynorsk Salmebok, som kom i 1925.
     
    Anders Hovden døydde i heimen sin på Nordstrand i 1943. Han er gravlagd på Ørsta kyrkjegard, ved sida av far sin, slik han ønskte.
     
    Jens Kåre Engeset
     
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.

    Litteratursøk  
    BIBSYS:  Bøker og andre skrifter om Anders Hovden
    Bibliografi over norsk litteraturforsking:  Bøker og andre skrifter om Anders Hovden
    Norske tidsskriftartiklar:  Artiklar om Anders Hovden