Lars Holst

    Lars Kristian Holst, pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.

    Lars Holst
    Lars Holst

    Lars Holst var fødd 22. november 1848 i Bergen og døydde i Kristiania 31. mai 1915. Han tok examen artium i 1867 og vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1871.

    Holst var systerson til Henrik Krohn og kom tidleg med i den framveksande flokken av bergensmålmenn. Han skreiv i Krohns blad Ferdamannen, i Vinjes Dølen, i Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd og var medredaktør av bladet Svein Urædd 1868–1870. Han skreiv òg i etterfølgjaren Andvake og var med og redigerte Fram i 1872. I 1874–75 sat han i styret for Vestmannalaget. Frå 1888 til 1894 var han styremedlem i Det Norske Samlaget.

    Frå 1872 var Holst medarbeidar i Bergens Tidende, og frå 1884 redaktør ved sida av Olav Lofthus. Frå 1883 til 1898 var han sjefredaktør i Dagbladet og gjorde avisa til eit hovudorgan for Venstre og ei leiande avis i kulturdebatten. Då Ivar Aasen døydde 23. september 1896, rydda Dagbladet straks plass på førstesida til eit lengre minneord. Truleg var det Holst sjølv som skreiv nekrologen.

    Holst var med og bygde opp Venstre som parti. Han var varaformann i Norges Venstreforening 1893–96 og formann 1900–03. I 1894 tok han initiativet til skipinga av Venstres Presseforening og var formann der til han døydde.

    Då han slutta som redaktør i Dagbladet i 1898, vart han justissekretær i byretten i Kristiania, men heldt fram med journalistikken. Han skreiv teaterkritikkar i fleire blad og politiske artiklar i Stavanger Aftenblad. Holst var målmann heile livet, men som journalist og redaktør i dagsaviser skreiv han dansk-norsk.

     

    Frå Jon Grepstad: "Lars Holst", Allkunne.no, sist oppdatert 10.10.2014 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.