Peter Hognestad

Peter Hognestad, bondeson frå Jæren som vart pioner for nynorsk kyrkjespråk. Som prest og ungdomsleiar ville han halde «norskdom og kristendom» saman, og han vart Noregs første «målbiskop».

Peter Hognestad
Peter Hognestad
Hognestad var fødd på Hognestad i Time 12. november 1866 og døydde 1. september 1931. Han vart student i 1886, og etter teologisk embetseksamen i 1891 verka han som manuduktør (rettleiar/privatlærar) i faget og eitt år som sekretær i Stavanger Ynglingeforening.
 
Frå 1896 til 1903 arbeidde Hognestad ved lærarskulen på Notodden, og det siste året var han også styrar for skulen. Palmesøndag 1901 heldt han den første høgmessepreika på nynorsk i Johanneskyrkja i Oslo, og i 1903 vart han tilsett som stiftskapellan med særleg ansvar for bygdeungdom i byen og for å halde gudstenester på landsmål. Frå 1908 underviste han i gamaltestamentlege emne ved Menighetsfakultetet, og frå 1916 til han døydde i 1931 var han biskop i Bjørgvin.
 
Hognestad omsette Tekstbok for Den norske kyrkja og Altarbok for Den norske kyrkja, var hovudredaktør for den første Bibelen på landsmål og laga Nynorsk salmebok saman med Anders Hovden og Bernt Støylen. Av hans eigne omsetjingar kan nemnast Lei, milde ljos og Fager kveldssol smiler.
 
Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.