Paal-Helge Haugen

    Paal-Helge Haugen, ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Han er allsidig og har ein stor produksjon også som dramatikar, prosaforfattar, librettoskrivar og gjendiktar.

    Paal-Helge Haugen
    Paal-Helge Haugen
    Paal-Helge Haugen er fødd 25. april 1945 i Valle i Setesdal og er busett på Nodeland i Songdalen kommune. Han studerte medisin ved Universitet i Oslo (1964–70) og film og teater i USA (1972–73). Han underviste i film- og skjønnlitterær skriving i 1973–78 og har vore frilansforfattar sidan 1978.
     
    Haugen debuterte i 1965 med gjendiktinga Blad frå ein austleg hage, og den første samlinga med eigne dikt kom i 1967Haugen er oppteken av både lokal forteljetradisjon og engelskspråkleg modernisme. Lyrikken hans er kjenneteikna av musikalske komposisjonsmønster, og han er tydeleg, objektiv og nøktern i formspråket. Poesi. Dikt i samling 1965–1995 kom i 1995, og Kyst. Sør i 2009.
     
    Han var medlem av redaksjonen i tidsskriftet Profil 1965–67, formann i Statens Filmproduksjonsutvalg 1980–85, formann i den Norske Forfatterforenings litterære råd 1987–88 og 1993–96 og nestformann i Norske Dramatikerers Forbund.
     
    Han skaper kontakt mellom lyrikk og andre kunstartar gjennom samarbeid med ulike kunstnarar. Bøkene hans er omsette til om lag 20 språk, og han har fått ei lang rekkje prisar i inn- og utland. Songdalen kommune har heidra han med Haugen-parken (2000).

     

    Prisar
    Paal-Helge Haugen har fått ei rekkje prisar. I 1968 fekk han Norsk kulturråds litteraturpris. Seinare har han fått Nynorsk litteraturpris (1985) for diktsamlinga Det overvintra lyset, den amerikanske Richard Wilbur Prize (1986) og Dobloug-prisen (1986). I 1990 fekk han Kritikarprisen og Cappelenprisen, og han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. 1 1992 fekk han Brageprisen for diktsamlinga Sone O og Songdalen kommunes kulturpris, TONOs Edvard-pris 2001, Aschehougprisen 2008, Gyldendalprisen 2008 og Aust-Agder fylkes kulturpris i 2009.
     
    I 2009 blei Haugen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturliv.
    Vibeke Lauritsen

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
     
    Paale Helge Haugen var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1996.