Olav H. Hauge

    Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.

    Olav H. Hauge
    Olav H. Hauge
    Olav H. Hauge var fødd i Ulvik, Hardanger 18. august 1908 og døydde der 23. mai 1994. Han gjekk på mellomskule, men vart sjuk og tok ikkje full eksamen. Etter to år på Hjeltnes hagebruksskule var han gartnarlærling eit halvår på Noregs Landbrukshøgskule og tre sesongar på Statens forsøksstasjon for frukt, i Hermansverk i Sogn. Biletvevaren Bodil Cappelen flytte saman med han, og dei gifte seg 1978.
     
    Hauge las mykje alt som barn og hadde store kunnskapar og innsyn i litteratur, språk og andre kulturfag. Han var ein del sjuk, men arbeidde i hagar i bygda og heime på kårbruket, der han flytte inn med foreldra og budde sidan. Det viktigaste for han var lesing og bøker. Frå 1946 til 1986 gav han ut sju diktsamlingar og ei barnebok, og i perioden 1967–1992 også omsette dikt. Posthumt kom Dagbok 1924–1994(2000). Dikta har kome i stadig nye utgåver, Dikt i samling kom i 8. utgåve i 2008 ogDikt i umsetjingkom i 4. utgåve i 2009.
     
    Idar Stegane
     
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.

     

    Bøker og artiklar om Olav H. Hauge
    BIBSYS:  Bøker og anna om Olav H. Hauge
    Bibliografi over norsk litteraturforsking:  Bøker og andre skrifter om Olav H. Hauge
    Norske tidsskriftartiklar:  Artiklar om Olav H. Hauge
    Temautstilling om Olav H. Hauge laga av Nynorsk kultursentrum
    Olav H. Hauge på forfattar.net
    Nettstaden for Hauge-Tveitt-jubileet i 2008: ht08
    Bergen offentlige bibliotek si nettside om Olav H. Hauge