Torleiv Hannaas

    (1874-1929). Fødd i Hornnes i Aust-Agder. Filolog.

    Torleiv Hannaas
    Torleiv Hannaas
    Professor i vestlandsk målgransking ved Bergens Museum frå 1918. Styrar av folkeminnesamlinga der frå 1921. Gav ut Norsk Aarbok frå 1920, gav ut eldre ordsamlingar og skreiv om dialektane i Setesdal og Vest-Agder (Norske Bygder I og II, 1921 og 1926). Leiar for Noregs Mållag 1926-29. JG

      Jan Prahl

      (Minnestykke, 1922)

      Av Torleiv Hannaas

       
      Den 4de juni 1921 døydde dr. med. Jan Henrik Fasmer Prahl i Amsterdam 88 aar gamall. I eit halvt hundrad hadde han livt utanlands, so det var faae her heime no som kjende denne merkelege mannen. Difor gjekk og daudar-bodet hans so stillt at mest ingen lagde merke til det. Og det var berre næraste skyldfolket som var til stades daa han vart samla til sine fedrar og oska hans nedsett i ætte-gravi paa Jakobs kyrkjegard i Bergen.

      Men millom dei gamle vestmennene i Bergen liver Jan Prahl enno i friskt minne. Og eg vil her freista draga fram eitt og anna av det eg hev høyrt um honom i dei krinsane.

      Maalreisingi vann tidleg fotfeste i Bergen. Og ikkje var det so underlegt; for det er eit sterkt nationalt instinkt i Bergens­folket. Og karar som Christie og Ole Bull hadde gjort mykje til aa vekkja eit medvite nationalt aandsliv.

      Alt i 1850-aari finn me ein flokk maalmenner i Bergen. Det var slike som den teologiske kandidaten J. E. Unger, bokprentaren Georg Grieg og bror hans konsul John Grieg, kaupmannen Henrik Krohn, læraren Karolus Velle og studentane Jan Prahl, Marius Nygaard og Georg Schielderop. Noko seinare kom Kristofer Janson med. Georg Grieg var vel føraren aa kalla, og det var helst han som heldt flokken saman. ”Diktatoren” kalla dei honom.

      Dei las mykje gamalnorsk desse karane, og fekk rettleiding i islendsk av islendingar som heldt seg i Bergen. Og dei vilde leggja nynorsken òg so langt burt imot det gamle maalet som raad var. Men etter kvart som Ivar Aasen bygde upp den nynorske skriftformi, bøygde dei seg inn under hans førarskap. ”Utan ein”: Jan Prahl. Han hadde heile tidi vore den som gjekk lengst mot gamalnorsk, og den vegen heldt han fram endaa han vart gangande einsmall.

      Janson segjer um desse bergenske maalmennene: ”Mange av deim fann fyreloga til Aasen for simpel. Dei vilde byggja normalmaalet meir paa gamalnorsken. Sjæli i denne freistnad var Jan Prahl, ein kunnskapsrik, andfull, ung mann med sprakande vit, men òg ein aandsaristokrat av reinaste vatn. Han hadde ein heilt sjukleg elsk til gamalnorsk og den gamle norske bokavl.” (Skrifter av Henrik Krohn, Bergen 1909, s. 6).

      I 1858 kom det fraa eit bergensk prenteverk ut ei liti bok som heitte ” Ny Hungrvekja.” Bokmeisteren var unemnd; men maalet merkte mannen, og alle saag med det same at det var Jan Prahl. Boki gjev eit utsyn yver nordmannskapen i det heile, og daa serleg tungemaalet, ifraa den gamalnorske gullalderen, gjenom syndefallet, og fram til uppreisingi i vaare dagar. Det er eit djervt og fritalande innlegg for ei radikal maalreising paa gamall grunn. Det norske folket maa reisa seg til vern um ætte-arven sin, og brjota det herredømet som den framande yverklassa hev teke seg til.

      Men endaa so radikale tankar denne boki bar fram, so var det formi folk bisna mest paa. Prahl skreiv eit maal som var halvveges gamalnorsk i ordval og bøygjing. Og etter islendskt mynster hadde han laga ei mengd med nye ord, helst for filosofiske tankar og umgrip. Til lette for lesaren er det sett ordtydingar under teksti, ikkje paa norsk og ikkje paa dansk, men paa - tysk.

      Denne gamaldagse bunaden kunde ha høvt, um stilen òg hadde vore norrøn. Men det er han so langt ifraa. Det er den vanlege tysk-danske lærde stilen. So det vart ikkje noko samsvar millom maalform og maalføring.

      Vinje hadde nett paa desse tider teke til med ”Dølen”, og i eit av dei fyrste nummeri melder han ”Hungrvekja”. ”Det er den merkjelegaste Bok, som er prentad i Norigs Land”, segjer han, ”og den vil standa som den fyrste i vor nye og eigen Bokavl. Den er norsk den”. Det var berre nokre faae helsingsord Vinje reiv av seg, og han segjer at det skal koma ”meir af ein annan - meiri Kunnande”.

      Denne ”meiri Kunnande” kom nokre dagar etter, og det viste seg at det var sjølve Ivar Aasen. Han skreiv ei lang umrøde paa fem teigar, og han kunde fortelja at boki i grunnen ikkje var so norsk som det saag ut til etter bunaden. Aasen likar ikkje den framandslege stilen, og han tykkjer òg at maalet er for lite folkelegt i ordval og former. Men samstundes hev han mange lovord:

      ”Folk maa no segja, kvat dei vilja, so er daa denne Boki ei merkjeleg framkoma, visande lika so myket Trott og Kunnskap som Kjærleike og Umhug fyre vaare gamle Ættarminne. Eg kjenner inkje Mannen, men er det, som eg vonar, at han er ættad fraa Byen og inkje fraa Bygdi, so er det dess meir Vyrdnad verdt, at han heve viist Maalet so myki Æra og teket det i slik ei grunnleg Umskoding, som det her syner seg. Slike Menner kunna gjera nokot, som er Mun og Gagn i, og um det endaa kann vera ymist aa segja um den fyrste freistnaden, so verd inkje Voni mindre fyre det. Naar eg her hever sagt min Meining um ymse Lempingar i Skrivemaaten, so er det mest fyre di, at eg ynskte, at Utgivaren vilde skriva meir og verka framleides i same Stevna.” (”Dølen” 1858, nr. 10).

      ”Hungrvekja” hev no lenge vore ei sjeldsynt bok, so det er vel ikkje mange av dei som les dette, som hev sét henne. Eg tek difor med ein liten stubb, so folk kann faa ein munnsmak av maalet og ein glytt inn i tankegangen.

      ”Norrønatjodin hevir verit og er ein bondatjod. I dessi tjodinne vàru i fornoldinni nokkra ættir meir megandi enn adra; men dessa megtugari ættir vurdu kugada, alt som landit vard trælkat, og deirra ættmenn vurdu som dei adri bøndr og liva bland deim idag. Dat var dessi bondatjod og hennar frændr ut àøyarna, som af sitt hraftuga liv reisti hitt ovannevnda gullaldarbokverk; dat var og dessi bondatjod og dat, som hennar var, dat tjodliga i Noregslondum, som Danirni kugadi og vildi kuga. Difyri skulde embætti og kaupskap verda seldr i hendr àt utlendingar, Danir og Tydverjar. Men Island og dei adra øyarna vàru fjerrlæga; dit var làngt at sigla, og dar var ufjelgt at bu; utlendingarni fystist inki til dessi øydisker làngt burt i havit. Noreg darimot var lettari at nàog betri at byggja; kaupshapin lokkadi, embættin vàru god; higgat sotti utlendingar,” (s. 7).

      Daa Prahl gav ut ”Hungrvekja” var han student. Han hadde vore mykje ute og reist, men elles budde han heime i Bergen. Det var tanken han skulde verta kaupmann. Faren, generalkonsul Michael Djurhus Prahl, hadde døytt 1851. Han var ein rik mann, eigar av det store handelshuset J. H. Fasmer & Søn, sat med tvo hus i byen, handelsstaden og fiskebruket Glesvær paa Sotra, fleire gardar ikring i Midhordland, og den ovende vene Prahle-garden (Christine-gard) i Sandviki.

      Jan var den eldste av sønene, og no skulde daa han taka styringi av desse store og mangslungne forretningane. Men det brydde han seg lite um. I 1860 for han til Holland skulde søkja raad for ein augne-sjuhdom, - og kom inkje heim att paa ti aar! Han fekk hug til aa studera lækjevitskap sjølv, serleg augne-sjukdomar, og skreiv seg inn ved universitetet i Utrecht. Der arbeidde han seg upp-igjenom heilt til den medi­cinske doktergraden, som han tok 1868.

      Heile denne tidi fylgde han godt med i maalreisingi heime, og stod i brevskifte med dei gamle maalvenene i Bergen, all­visst med Georg Grieg og Krohn. Nokre av brevi hans er enno til, og dei gjev eit framifraa bilæte av den klaartenkte, kvassbeitte radikalaren.

      I eit langt brev - paa tjuge sidor! - som han sende Krohn fraa Utrecht 7. mai 1866, skriv han m. a.:

      ”Du han troe, jeg var nysgjerrig efter at see Ferdamannen; jeg kunde omtrent slutte mig til Aanden deri og til dens Ind­hold; og efter at jeg har læst den, har jeg fundet min Anelse befæstet; oprigtigt sagt jeg fandt og at den i ikke ringe Grad overgik mine Forventninger. Jeg tror, at Du har valgt et saare rigtigt Standpunkt, saavel hvad Form som Indhold angaar; Dit Blad er et Almublad, og jeg synes at Alt er udmærket afpasset efter dets Bestemmelse. Men ulykkeligvis er det just denne retvalgte Form og Aand, som i visse Maader gjør mig uduelig til at være behjælpelig. Og selv om jeg vilde bruge Din Sprog­form og lægge an paa at blive forstaaet af Ola mæ, Ola hæ, Ola Kalvatre, hvorover skulde jeg skrive? Historiske Betragtninger? O! der fordrer Du just det som er vanskeligst at fremstille i en populær form; og desuden har jeg ingen Myndighed til historiske Betragtninger; og sig mig een historisk Betragtning det være sig paa almindeligt eller specielt norskt Gebet, som ei vilde vække Forargelse paa religiøst eller nationalt Gebet. Det ligger i en rigtig historisk Betragtnings Natur og Væsen, at den maa gjøre det. Der bestaar ingen christelig Historie ligesaalidet som en christelig chemie, der bestaar in­gen christelig Norskhed og heller ingen dansk Norskhed. - -

      Har jeg af Naturen havt Anlæg for noget i denne Verden, har jeg havt Intuition for noget - da er jeg naiv nok til at troe, at det har været for Tilstandene i Norge; men Skjæbnen og en vis Tilbageholdenhed, Mangel paa Selvtillid, Mangel paa Evne, Forfængelighed, Foragt og Dovenskab disse 7 destruerende Dæmoner, disse 7 bepandsrede Kjæmper, mod hvilke Starkađr Åludreng med sine 8 Arme kun var en liden Smaadreng i en tynd Underbuxe, opførte uafladeligt sin djærve Vaabendans omkring mig, og see, jeg gik op i Beskuelse og atter i Beskuelse ret som en Anachoret ved Helvedes Visioner, indtil at det begyndte at kjede mig og jeg fattede Bestemmelsen om at studere de individuelle Legemers Natur og Skrøbelighed.” -

      Etter mange tankar og hugsviv, og etter mange kvasse hogg mot menn og tilstand i Noreg, endar han brevet soleis:

      ”Det er paa Tide at jeg ender ”margmæle Þetta”; men Du ved min Svaghed: paa Norskhedens Gebet er jeg utrættelig og uudtømmelig. Der spirer Ideer frem for min Phantasie - glimrende Paddehatte: saaledes f. Ex. Universitetet i Bergen; Forbund mellem Island og Norge til Bombardement af Kjøbenhavn og Erobring af de danske Øer; Reduction af Embedsmænds Valgbarhed til Storthinget til et rent Minimum; betydelig Nedsættelse af Embedsmænds Løn; forandring i Skolevæsen; forhøjelse af Lærerløn etc. etc. uden Ende. Send en Philosoph, en Politiker og Digter til Norge, lad dem gaa til Kilderne uden indlærte fordomme - Norges Historie, Race, Tilstande vilde give dem Stof til de udødeligste Værker!”

      Tvo aar seinare, 20. april 1868, skriv han til Krohn: ”Det lader til, at Du har bragt det vidt i Ivar Aasens Norsk. Jeg fordrager imidlertid fremdeles ikke den form, og vilde fremdeles, som Norsk-skrivende vælge Gammel-Norsken.”

      Det er likt til at dei hev vilja havt Prahl til aa gjera framlegg for stortinget um diktarløn til Vinje, no han hadde mist kopist­posten sin. I alle fall hev dei vilja havt Prahl med paa ein slik søknad. Han svarar:

      ”Af mangfoldige Grunde kan jeg ei indgive hint forslag til Thinget. Upolitisk, ei politisk, er det ogsaa at vælge en Radical, en ”som gengr mot Vind og Straum” til at være Vinjes Talsmand for Svin og Philistere, blandt hvilke selv Schweigaard af en Digter (Ibsen) er kaldet en Rydningsmand i Norge, medens Historien vil titulere ham for Norges Parykmager. Storthinget kan da heller ikke være inconseqvent. Det salarerer Ideforladt­heden (Munch, Bjørnson), det kan ei salarere Idefylden (Vinje).” 

      Prahl segjer ein gong i eit brev fraa denne tidi: ”Jeg morer mig stundom her i min Ensomhed med at ”vøle” med Rim og former i det norske Sprog , men Producterne ere af ”a very inferior natur” og egner sig neppe til Underholdning mellem Venner, endmindre til nogensomhelst Offentliggjøreise.” Men han sende daa av og til smaae visor og vers til venene sine. ”Siglingar-kvæði” som er prenta ein annan stad i denne boki, skulde vera ”til Amusement for G. Grieg.” Venteleg hev han gjenom tidene skrive mykje som no ikkje er til.

      Ikring 1870 kom Prahl heim att til Bergen. Det hadde gjenge att yver med handelshuset aar for aar sidan faren døydde. No skulde Jan freista faa det paa fot att. Men det dugde han ikkje til. Lenge hadde han vore burte fraa handelen, og lite eller inkje brydde han seg um slike ting.

      Prahl hadde alt paa denne tidi vorte noko av ein underleg einstøding. Han var sveinkall og hadde vant seg til aa liva utan anna sellskap enn sine bøker og sine tankar. So han treivst ikkje rett i den store Prahle-garden. Der gjekk for mykje folk ut og inn. Han bygde seg daa ei steinstove uppe under fjellet og budde der for seg sjølv. Stova stend der enno.

      Elles kunde han vera hyggjeleg og greidsam òg, og han vilde gjerne gjera folk ei teneste. Han søkte aldri jus practi­candi her i landet og dreiv ikkje lækjarpraksis; men kom det folk og raadspurde honom, so gav han deim ofte god hjelp, serleg i augne-sjukdomar. Og alltid fritt.

      Det konventionelle sellskapslivet var honom for keidsamt. Det drog han seg undan. Men var det ei noko meir original tilstelling, so lika han aa vera med, og daa kunde han slaa seg laus so det spraka av vit og løgje. Og bergenserane den tid kunde finna paa moro. Soleis var det ein gong i eit lag dei hadde avtala at det skulde vera ei Babels forvirring med alle slag tungemaal. Ein av gjestene skulde berre tala det maalet, og ein annan det heile kvelden. Jan Prahl var med, og hans maal var sjøvsagt gamalnorsk.

      Eit anna stort lag var tilskipa som eit bondebrudlaup. Alle som var med gjekk i norske bygde-bunader. Jan Prahl var ein vyrdeleg og morosam lensmann, i knebuksor og sylvknappa trøye.

      Men handelslivet kunde han ikkje halda ut. Og daa det gjekk i staa, braut han tvert av og drog til Holland att. Det var i 1882. Fraa den tid er visst eit lite blyants-brev til Krohn og Grieg utan dagsetjing: ”Min kjære Krohn! Jeg takker Dig for dine Linjer. Mit Farvel til Dig og Din Kone. Og Du Georg Grieg, Verstümler des germanischen Urgeistes! Tak de danske Landvefter, at Du i Aften ei er kommen i min Vold, og at jeg imorgen bin tausend Meilen ferne! Adieu! Eders J. Prahl.”

      Sidan den dag var Prahl ”tausend Meilen ferne” fraa fedralandet og fødebyen. Han saag aldri Noreg meir. 

      Han slo seg no ned i Amsterdam, vart bylækjar der, og stod i arbeidet til han var yver 80 aar. Det hende stundom at gamle vener vitja honom i Amsterdam. Soleis Klaus Hanssen og Wollert Konow. Og broren, assessor Prahl, var der ofte. Jan Prahl var fegen naar han fekk røda med gode vener fraa gamle dagar, og han vilde gjerne høyra nytt fraa Noreg. Men han var for bratt og for saar til aa vilja koma heim att, til minni um nedgang og tunge tider. Og det var so mangt og mykje av det som gjekk fyre seg i norskt aandsliv, som huga honom lite. Det svara so ille til dei voner han hadde havt for folket sitt. ”Oh, que le ciel est haut, et la malice grande!” segjer han med eit franskt ord. (Aa, kor himmelen er høg og vondskapen stor!). I draumane hans kvelvde det seg ein høg himmel yver nordmennene og norskdomen. Men det han saag fyre seg, var mest nedfall og stakarsdom.

      Det er merkelegt nok at Prahl ikkje slepte heile maalreisings­tanken, sidan det gjekk so lite etter hans hug. Men det gjorde han aldri. Maalmann var han so lenge han livde. Og han bøygde seg smaatt um senn for Ivar Aasens lærdom, logikk og gode smak. Til ein maalmarknad i Bergen 1907 gav han ut i umsetjing fraa hollendsk ei liti skrift um ”Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin 1665.” Her er maalformene mest i eitt og alt det gamle Aasen-maalet. At han nytta den formi i seinare tider, ser ein og av eit brev fraa 1915 til ein ung kaupmann i Oslo. Det er prenta her i boki, og gjev eit godt samandrag av maaltankane hans 60 aar etter han skreiv ”Hungrvekja.”

      Prahl heldt ”Gula Tidend” og fylgde med i maalreisingi heime. Men han var ein streng domar, og Olav Rusti var visst den einaste som fann naade for augo hans. Han skreiv stundom til Lavik og gav honom ei paaminning naar han totte han gjekk for langt i ”folkeleg” leid.

      Det var gamalnorsk som var Prahls kjæraste lesnad. Eit aars tid fyrr han døydde, skreiv han heim etter Njala. Den han hadde, var utsliti no. Gamalnorsk hadde vore hans fyrste kjærleik, og det vart hans siste.

      Jan Prahl hev ikkje fenge noko stort rom i norsk maalreising. Den lange utlegdi hans gjorde at han vart standande meir utanfor enn han burde ha gjort. Men faae eller ingen hev havt større tankar um framtidi for norskt maal og norsk kultur. Det gjekk ikkje alltid som han vilde. Men vonene um eit heilnorskt Noreg slepte han aldri. Og kjærleiken til fedralandet og fedramaalet brann i honom til siste andedrag.

      Difor skal me minnast Jan Pahl med vyrdnad og takk.
       

      Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad