Edvard Storm

    (Minnestykke, 1901)

    Av Halfdan Halvorsen

    vart fødd i prestegarden paa Vaagaa den 21de august 1749, av foreldri prest Johan Storm og Ingeborg Birgitte Røring, og der livde han sin sæle barndom. Det var ikkje stusslegt i den heimen. Systkini var mange, fâren var ein kvik og kverv liten mann, streng i sitt embætte, men gladvær og lentug heime; og han song so fagert. Edvard var liten av vokster, eit barn med stort vit, stillferleg og stød, framifraa snild, likt av alle. Sumar og vinter gjekk leiken ute saman med bygdeborni under det namngjetne Prestberget eller ovanpaa. Det berget var for honom, som det er for borni til denne dag, ”jutuls hus og trolls palads”. Jutulen som der bur er ein kvasslynd men godvoren rise, god vagvær, vyrk for bygdi, og serleg for prestegarden. Midt paa veggen, beint imot kyrkja, som ligg paa flòti nedunder, stend døri, Jutulporten, høg og breid, ljosare enn veggen, som skyt lite lenger fram; rake kvitleggja bjørker stend framanfyre. Døri er attlati - for det meste i minsto. Borni, dei modige av deim, kastar stein paa og ropar: ”Jutul, lat upp!” men aa venta og sjaa um han paa det lèt upp, det hev ikkje dei djervaste mod til. Men upp-lati hev ho daa vore tvo gongjer som me veit um. Det var daa jutulen kasta smørknoda etter kyrkjeklokkorne, fyrste gongen dei lét; og det var den jolenatti - det er no um lag halvtridje hundrad aar sjdan - daa han hadde skytsa Jehans Blessom fuglevegen heim fraa Kjøpenhamn. - Jau, der var gaman og der var gruv for ei barnesjæl. Edvard Storm gløymde aldri jutulen og berget. Han skulde sidan faa endaa dyrare minne bundne til dette berget enn dei fraa barneleiken.

    Tolv aar gamall kom han paa katedralskulen i Kristiania, og derfraa vart han tri aar seinare send til universitetet i Kjøpenhamn med framifraa lovord. Men alt aaret etter laut den unge studenten fara heim, anten det no var for di helsa svikta alt daa, eller at raadi var for liti. Og no vart han verande heime i tri aar, fraa 1766 til 1769.

    So livde han daa paa nytt lag saman med folket og naturi i fødebygdi si, og det no i dei ungdomsaari som makslar mannen. Og det lyt segjast so stort eit ord: han kom ikkje burt, den som kom aat Vaagaa. Bygdi fager - ljos og opi: det store Vaagaavatnet og breide moar og vollar paa dalbotnen, greid-skorne høer umkring, sætrarne lenger burte, storfjelli lengst burte; eit friskt liv i dal og paa fjell; eit sterkt folkeslag, rak-vakse og ljost - i ham og hug - med god gamall sedhævd, fribore, heimkjært og sjølvbyrgt. Vaagaabygdi hev all tid havt ei sers magt til aa melta framandt som kom inn, og til aa binda til seg og halda fast, ikkje berre sine eigne born, men og dei som ikkje var av vagværs blod. - Edvard Storm vart vagvær i hug og haatt. Ibland ungdomen var han like millom likar, berre den fyrste i kunnskap og fin ferd. Med mange knytte han trufast venskap for livet.

    Her paa Vaagaa hadde han og, den unge Edvard, si fyrste kjærleiks-soga; ho vart visst hans siste og. Gjenta heitte Ragnhild Hamar, og var fraa ein liten gard paa Lalm. Ho var ei myrkhærd, blaaøygd, rundleitt, væn gjenta, blid og stillferleg, som Edvard sjølv. Edvard hugsa ikkje paa at han var presteson og preste-emne, og ho berre bondegjenta, og dei tykte dei var eit ”hjonslegt par” - som dei og var. Men gamle Johan Storm hadde ei onnor meining, og ein dag gav han guten, som trudde alt var halde so vel dult, ein kald straale - Edvard hev sjølv fortalt det til Knud L. Rahbek: - ”Kom, Edvard,” sa fâren, og peika paa ein hane som gjekk og gjorde seg til, ”kom og se hvor forlibt den er; der fattes intet andet end at den skulde gjøre vers.”

    Det vart ein tung skilnad paa baae sidor, daa Edvard Storm laut taka farvel med sine kjære og fara fraa Vaagaa, som han aldri skulde sjaa att meir. Paa haustleidi 1769 kom han til Kjøpenhamn att, og skulde no lesa seg fram til prest. Men det gjekk traatt; for helsa var laak mykje attaat, og raadi var laak, og ille treivst han lenge frametter. Hans rikdom var minni fraa heimbygdi og hans gode hjarta; det dreiv honom til aa gjera godt, kvar han kunde koma til med det. Av si snaude raad gav han mest dagleg til deim som hadde det endaa verre. Ein foreldrelaus fatig-gut (Lars Jørgensen heitte han) var han baade far og mor og lærar for, og sidan ven for livet, [sic]

    Det som hev havt størst livskraft av det Edvard Storm hev skrive, er visorne paa Vaagaa-maal. I Gudbrandsdalen hev dei livt paa folkemunnen til den siste mannsalderen. Det syner seg, at det ungdomsliv dei er runne utor, hev havt større magt enn noko anna til aa setja gir i hugen hans. Her er han enno den unge dølen i uskjepla samliv med naturi; hans hugsyn er ljos og frisk; framberingi er greid og klaar; tonen er manneleg, utan sipping og sangl. Hans danske ”muse” er ei kravsfull dros, som gjerne vil hava all ting paa moten; men her, som han ikkje er under hennar augo, kjenner han seg fri og torer sleppa seg laus, er urædd i valet baade av emne og av form. Difor er talen her so djerv og endefram, difor gjeng songen med so sterkt eit ljod.

    [Notar:]
    kverv: rask.
    lentug: munter, skjemtfull.
    vagvær = vaageværing.
    vyrk: umhugsam.
    katedralskule: lærd skule i ein stiftsby (katedral = domkyrkja.)
    maksla: skapa til (forme, danne).
    sedhævd: folkeskikk (kultur, dannelse).
    sjølvbyrg: sjølvhjelpen, stolt.
    melta: løysa upp (fordøie, assimilere).
    hjonsleg (av hjon, egtepar): samhøveleg (passende).
    dult: av dylja.
    gir: uro (fyrighed, lidenskab).
    uskjepla: uforstyrret,
    hugsyn: fantasi.
    sipping og sangl: flæben og klynken.
    dros: dame.
     

    Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

     
     

      Halfdan Halvorsen

      (1849-1899). Frå Vågå. Filolog og stortingsstenograf. Ihuga målmann.

      Stod for utgjevinga av Vinjes skrifter i utval og Edvard Storms Dølavisor. Fekk to gonger tilbod om professorat, men avslo. JG

      Litt.: Årbok for Gudbrandsdalen 1946, s. 116.