Fuglekrigen

    (Dikt, 1886)

    Av M. [Marius Hægstad]

    Det var slikt liv i all den lund
    med fuglesong av hjartans grunn.
    Det, som er rett, dei alle vil;
    paa smaa og store var ei skil.

    Men braadt det vart i lunden stilt;
    dei store hava freden spilt.
    Dei store vilja eine raa,
    og taka retten fraa dei smaa.

    Fraa reid og all sin eignalut
    dei smaae verta drivne ut.
    Gud hjelpe den, som liten er,
    imot dei stores vonde her!

    Daa synest ein aa sjaa ein veg,
    han bed dei smaae samla seg.
    Han bed deim halda trufast lag
    imot det harde, ville jag.

    Dei gjorde so, og meire spakt
    dei store dreiv si smaafugljagt.
    Men all sin harm dei lagde paa
    den fugl, som raadde so dei smaa.

    Han fær ei fred, han fær ei ro,
    dei setja paa med nebb og klo.
    Dei yla, skrækja, kvin og skrik,
    du skulde aldri høyrt det slik.

    Og med var ula, spaadomsfugl,
    som narrad alle med sit jugl.
    Ho hatad han so overlag
    fyr elsken hans til ljos og dag.

    Og ein av brødrom hans var med -
    - Gud unne honom sidan fred -
    Han var so rædd dei store han,
    han sveik sin broder, arme mann.

    Dei sette paa med all si magt,
    men lenge varde denne jagt.
    Dei sette paa med fynd og klem
    og dreiv det slik i dagar fem.

    Daa laut den fugl or reidet gaa
    med make og med ungar smaa.
    Det nyttad ikkje sorg og sut,
    for hjarteløysa dreiv deim ut.

    Men jordi er so stor og vid
    og himlen allstad lika blid.
    Fyr honom og ei raad det vart,
    eit reid han fann seg helder snart.

    I lunden varer striden enn,
    den vara vil, med lunden stend.
    Sum smaafugl svigtar flokken sin,
    og difyr stødt dei store vinn.

    Gud vende allting eingong so,
    at smaae faa fyr store ro.
    Gud vende allting eingong slik,
    at retten vert fyr alle lik.
     


    Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 33. Laurdag den 15de mai 1886. 2dre aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

     

      Morgonsong

      (Dikt, 1885)

      Av Marius Hægstad

      (Tildeils etter tysk)

      Aa, pris og takk den store Gud,
      du styrkte friske saal!
      Din lovsong Herren høyra vil.
      Aa, pris hom daa, mi saal!

      For veik til sjølv aa verja meg
      eg laag og sov i fred.
      Kven var det vel, som vakte daa?
      Kven sende svevnen ned?

      D'er du, vaar Gud og Herre stor,
      Du eig vaart heile liv.
      Du held det uppe fyre oss
      og nytt kvar morgon giv.

      Du vere lovad, sterke Gud,
      du trufast er og god.
      Eg difyr etter kvild-rik natt
      reis upp so glad og fro.

      Lat di velsigning kvila her
      og styr meg stødt din veg,
      ja, lær meg sjølv den livsens gang,
      som er deg hugnadleg.

      Ja, yver meg di hand du haldt,
      til deg mi von eg set.
      Du berge meg i farleg stund,
      du stydje mine fet.

      Giv meg eit hjarta fromt og godt,
      som varmt og mannmildt er,
      med syn, som gled seg, naar det ser,
      det gode framgang fær.

      Lat kvar ein dagen signad bli
      med takk og lov aat deg,
      til dess du byd, den sidste dag
      skal lysa yver meg.
       

       


      Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 21. Sundag den 15de november 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

       

        Marius Hægstad

        Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.

         
        Marius Hægstad
        Marius Hægstad
        Hægstad var fødd i Borgund på Sunnmøre 15. juli 1850 og døydde 21. november 1927. Etter ei utdanning som han avslutta i Oxford i 1872, var Hægstad styrar ved Namsos Borger- og Almueskole til 1884. Samstundes var han med og styrte Namdals Tidende 1876–77 og Namdalsposten 1877–79, skipa Nordtrønderen i 1883 og redigerte bladet til 1892.
         
        Han skipa Namdals folkehøgskule i 1884 og styrte denne skulen til 1892. I dette tidsrommet gav han ut det frilyndte ungdomsbladet Dag i Namsos 1885–90. Hægstad arbeidde deretter i folkeskulen i Steinkjer, til han i 1899 fekk det nyskipa embetet som professor i landsmålet og landsmålets dialektar ved Universitetet i Kristiania. Embetet blei i 1917 omgjort til professorat i nordisk språkvitskap, som han hadde til 1920.
         
        På grunnlag av innstillinga frå ei nemnd leidd av Hægstad fastsette Kyrkjedepartementet i 1901 den første offisielle rettskrivinga for landsmål.
        Hægstad var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag 1892–94 og 1898–1900 og skreiv som saksordførar den første lova på landsmål i 1894, lov om normaltid.
        Hægstad var formann i Det Norske Samlaget 1898–1903 og var 1906–09 den første formannen i Noregs Mållag.
         
        Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.