Frode Grytten
    Frode GryttenFoto: Hans Jørgen Brun

    Frode Grytten

    Frode Grytten, forfattar og journalist som har nådd eit stort og internasjonalt publikum med bøkene sine.

    Frode Grytten
    Frode Grytten (foto: Hans Jørgen Brun)
    Frode Grytten vart fødd 11. desember 1960. Han voks opp i Odda og er busett i Bergen, der han i nokre år var fast tilsett som kulturjournalist i Bergens Tidende.

    Frode Grytten debuterte som forfattar med diktsamlinga Start på Aschehoug forlag i 1983. I 1986 kom novellesamlinga Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, også den på Aschehoug. Seinare har Grytten gitt ut alle dei skjønnlitterære bøkene sine for vaksne på Samlaget. I tillegg har han gitt ut ei barnebok, Frosken Vertigo og det store spranget, på Eide forlag i 1999, og ei barnebok, Hull & Sønn, 2004 og ei reiseskildring, Dublin, 2002, på Spartacus Forlag. Frode Grytten fekk sitt store gjennombrot med boka Bikubesong i 1999.

    Konseptuell forfattar

    Frode Grytten syner heilt frå dei første bøkene sine eit medvite tilhøve til angloamerikansk kultur, ikkje minst popkultur. I fleire av bøkene hans har denne interessa danna det konseptuelle utgangspunktet for teksten. Gjennombrotsboka Bikubesong held seg rett nok til eit anna sentralt formprinsipp, nemleg eit hus som vert kalla ”Murboligen” i Odda. Her står det konseptuelle utgangspunktet fram som det romanaktige ved publikasjonen. Eininga vert såleis det som er sams for dei mange forteljingane boka består av, konkretisert ved det sambandet personane har til Murboligen, slik at dei einskilde tekstane, som kan lesast som sjølvstendige noveller, fungerer som ”husvære” i den litterære makrostrukturen.

    Seinare bøker har synt at Grytten er ein forfattar som gjerne vil ha ein berande idé som ytre skjelett for dei tekstane han skriv, og oftast er det novellesjangeren han grip til. I novella får forfattaren høve til å presentere scener som opnar for meddikting, slik at det framhaldet som oppstår i lesaren, utgjer ein roman som forfattaren ikkje kjenner. Grytten nyttar novelleteknikken til fulle ved å innleie teksten nær eit punkt der eitkvart står på spel, og ved å forlate han innan alt er avgjort.

    I samlinga Popsongar frå 2001 har Grytten skrive 24 noveller, kvar med tilknyting til ein song, ei tid på døgeret og ein stad i verda. I samlinga Rom ved havet, rom i byen, 2007, er det ti målarstykke av Edward Hopper som tener som utgangspunkt og matrise. Men sjølv om den utvendige strukturen er fastlagd og statisk ved slike disposisjonar, er det dynamiske menneskelege konfliktar og drama som står i sentrum hjå Grytten.

     

     
    Frå Odd W: Surén : "Frode Grytten", Allkunne.no, sist oppdatert 14.2.2017 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
     
    Frode Grytten var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2004.